Torsdag 12. mars 2020, regjeringa gir beskjed om at alle universitet og høgskular skal stengast ned. Dagen før har Verdas helseorganisasjon (WHO) erklært pandemi, eit slags framandord i det norske vokabularet, med konnotasjonar til svunne tider med pest og spanskesjuke.
Utover det meir eller mindre plutselege alvoret var det meste uklart og uoversiktleg. Statsråd Henrik Asheim (H), med ansvar for forskinga og den høgare utdanninga - alle studentane - var i hardt vêr.
Han blei hardt kritisert for mangel på informasjon og handlekraft. Fleire universitet og høgskular hadde tatt saka i eigne hender før meldinga frå departementet kom om nedstenging. Klarast i tilbakemeldingane var rektor, og epidemiolog, Lars-Petter Jelsness-Jørgensen ved Høgskolen i Østfold.
Rektoren skulda Kunnskapsdepartement for å skyve ansvaret over på institusjonane og nærast stikke hovudet i sanden. «I går oppdaget vi tilfeldigvis informasjon», skreiv han, nesten sarkastisk, «om hvilke råd som gjelder universitets- og høgskolesektoren».
- Om vi snubla i starten? Ja, sett i ettertid, heilt klart. Hadde vi visst korleis dette skulle eskalere, ville det ha vore ein heilt annan informasjonsflyt. Kanskje skulle eg ha sett kva som kom, samstundes trur eg dei færraste såg det, seier Asheim, som villig tar sjølvkritikk, med eit visst atterhald.
Balansegangen
Det vanskelegaste i året som har gått har vore å finne den rette balansen, meiner Asheim.
- I ein situasjon som endrar seg veldig raskt, som angår ekstremt mange menneske, mange unge og kanskje i ein ekstra sårbar situasjon - då er det ikkje enkelt å balansere avgjersler om radikale inngrep i folks liv som skal verne, men samstundes går utover dei, seier han.
I starten var det på ein måte enklare, då var perspektivet nasjonalt. Men snart vart bildet meir samansett med ulike situasjonar ulike st