AddToAny

Arven etter Svarte ravn

Midt i eit tettbygd trehusstrok på Nordnes i Bergen ligg Stranges Stiftelse.
Frå 1609 til 1972 var dette ein sosial institusjon for eldre kvinner som ikkje lenger kunne forsørgja seg sjølve, og som her fekk fri bustad livet ut. Dei siste 50 åra har Fortidsminneforeningen teke hand om huset og fylt det med ny aktivitet. Institusjonar som Stranges Stiftelse spela ei viktig rolle i sosialomsorgen i dei norske byane i tidleg moderne tid. Som eit karakteristisk og særs godt bevart døme på ein tidleg sosial institusjon, vart Stranges Stiftelse freda i mai 2022.
Den ståande bygningen er reist i 1751, som den fjerde i rekkja på same tomta. Det er ein bordkledd trebygning, om lag 13 meter lang og 10,5 meter brei. Veggene er lafta opp av flattelgja, tre tommar tjukt tømmer, slik det var vanleg i Bergen. Det høge, bratte taket er tekt med raud tegl og har gavl mot gata og valm i sør. Takkonstruksjonen består av sperrepar forbunde med ei hanebjelke i om lag halve høgda, og sutak utanpå sperra som underlag for taksteinen. På baksida er ein liten gardsplass og eit vinkelforma uthustilbygg i ein etasje. Tilbygget romma tidlegare likhus og vedskjul og vart bygd i 1862.
Fasaden mot gata har detaljar i enkel sveitsarstil og må vera fornya på slutten av 1800-talet. Fargesettinga skriv seg frå same tid: okergul kledning, kvitmåla listverk, vindskier og hjørnebord, og brune vindaugsrammer. Oppbygginga av fasaden er derimot uendra sidan 1700-talet, med to uvanleg store og høge vindauge i midten og små eittramsvindauge på kvar side, i to nivå over kvarandre. Inngangsdøra står lengst ute til venstre og har ein enkel portal med preg av seinklassisisme.

Sal og sovekammer. Vindaugsplasseringa heng saman med den særprega planløysinga til bygningen. Hovudrommet er ein høglofta sal som strekk seg frå gavl til gavl. På langsidene ligg små sovekammer i to nivå, det øvste med tilkomst frå galleri langs sideveggene i salen. Eit indre beresystem av stolpar og dragarar berer gallerinivået og er ført vidare oppover som støtte f
Gå til mediet

Flere saker fra Arkitektur N

At den svenske boken Jane Jacobs idéer om människor, städer och ekonomier
Arkitektur N 28.10.2022
Charlottenlund gravlund ble innviet i 2020. Et ni hektar stort område hadde da blitt forvandlet fra jordbruksland til en helt ny og livssynsnøytral gravplass, ca.
Arkitektur N 28.10.2022
Torsteinsen design har gjennom flere år skapt liturgisk inventar som tar troen inn i vår tid.
Arkitektur N 28.10.2022
På landets største gravlund har alle Gravferdsetatens arbeidsoppgaver blitt en øvelse i biologisk mangfold og grønn omstilling.
Arkitektur N 28.10.2022
Hyggelige omgivelser scorer høyt når vi skal spise lunsj, viser en ny undersøkelse. Dette tok AJ Produkter konsekvensen av da de skulle innrede sin nye kantine. Den er blitt riktig pen og innbydende, og svært så representativ.
Arkitektur N 28.10.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt