Rådgivar i Fagforbundet Seksjon helse og sosial og fungerende leiar i Nasjonalt utval for fagskoleutdanning i helse- og oppvekstfag (NUFHO).
EIN STOR DEL AV MEDLEMMANE våre har ei grunnutdanning som fagarbeidarar. Fagskole er eitt av dei viktigaste verkemidla for desse til å kunne vidareutvikle kompetansen sin. Fagskoleutdanning sørger for dyktige fagfolk til helsesektoren, og vil samtidig gi grunnlag for lønsauke og utvida arbeidsoppgåver og ansvar for den enkelte.
STYRKEN TIL FAGSKOLEN er at den har ein kunnskapsbase som er erfaringsbasert og praksisnær. Samtidig skal den bruke forskingsresultat og annan kunnskap til å utvikle nye arbeidsmetodar og god praksis. Dette er kompetanse som arbeidslivet etterlyser.
Fagforbundet jobbar for å løfte yrkesfaga og sørgje for at den kompetansen ein fagarbeidar har, blir verdsett og utvikla. «Kunnskapssamfunnet» betyr ikkje at alle skal ha master- eller doktorgrad. Kunnskapssamfunnet betyr at alle arbeidstakarar må utvikle sin kompetanse i samsvar med endra behov i arbeidsliv og samfunn - gjennom heile yrkeslive


































































































