Fagbladet
06.11.2017
Anja fekk 82 prosent stilling etter fem år i Sandfjøra barnehage. - Eg kjenner meg tryggare enn før, men ønskjer framleis full stilling, seier ho.
Tolv prosent større stilling betyr mykje, meiner barne- og ungdomsarbeidar Anja Paulsen Malvik.
27-åringen arbeidde først fire år som vikar og tilkallingsvakt før ho i 2012 fekk ein 70 prosent fast stilling. No i september gjekk ho opp til 82 prosent.
- Eg har hus og gjeld og må arbeide 100 prosent for å klare meg, seier ho.
No er økonomien tryggare. Og ho er friare. - Før måtte eg skaffe meg seks ekstravakter i månaden. No held det med fire. Det er ein stor forskjell, seier Anja.
I vår las ho gjennom timelistene for siste året, og såg at ho hadde arbeidd 82 prosent. Ho sende da søknad til styrar og hovudtillitsvald om å få auka stillinga frå 70 til 82 prosent. Det positive svaret kom i september. Da fekk ho også etterbetalt for dei 12 prosenta frå ho sende brevet.
FLEIRE TILTAK FOR AUKA STILLING
Anja er ein av 34 tilsette i Sandfjæra barnehage i Malvik kommune. Mange av dei arbeider deltid. Fire av dei har fått større stilling gjennom samarbeidet for heiltidskultur mellom Fagforbundet og kommunen.
Line Johnsen, leiar i Fagforbundet Malvik, brenn for heiltidskultur og for heile, faste stillingar.
- Vi nyttar ofte arbeidsmiljølovas paragraf 14-4 for å få auka stillingar, fortel ho. Det var den som også hjelpte Anja. (Sjå faktaboks. ) Ein annan moglegheit for auka sti
Gå til mediet27-åringen arbeidde først fire år som vikar og tilkallingsvakt før ho i 2012 fekk ein 70 prosent fast stilling. No i september gjekk ho opp til 82 prosent.