BUSKAP
11.12.2017
Arne (56) og Anne Grete (54) Hegnastykket starta som gardbrukarar i 1985. Kvota var då 85 000 liter. I dag driv dei melkeproduksjon i samdrift med sonen Niri (34) og svigerdotter Hege (41).
Anne Grete arbeider i 60 prosent stilling som kokk på sjukeheimen, medan Hege køyrer stordyrpraksis som dyrlege. Niri leiger gard av ei tante, og dei har også kjøpt seg opp på kvote slik at samdrifta i dag disponerer ei kvote på ca. 465 000 liter. Eiga jord er ca. 60 dekar medan dei leiger om lag 640 dekar spreidd over heile bygda. Dei har knapt 30 ulike teigar. Også dotter Silje (31) hjelper til i drifta, og det er damene som mønstrar dyr til utstilling.
Driftsleiing
Med så mange involverte og mykje logistikk er det viktig at driftsleiinga er god. Arne har hovudansvaret i fjøsen, og dei andre deltek når dei har fri frå andre jobbar. - Tidlegare bruka eg også landbruksvikaren i Bø, og fann då ut at alle beskjedar må vera skriftlege. Me har hengt opp Leantavle i inngangspartiet, og her gir me viktige beskjedar. I eit av hjørna på fjøskontoret har dei festa ei metallplate. Med magnetar er det lett å festa viktige papir, og det er også rom for den nye generasjonen til å bidra med teikningar. Sjølv om dei hadde laga desse systema på eiga hand, har dei også hatt besøk av Lean-koordinator Mai Gunn Horntvedt frå Tine. - Me er alltid på jakt etter å kunna gjera det b
Gå til medietDriftsleiing