Lat meg få byrja med å takka Senter for profesjonsstudiar og Høgskulen i Oslo og Akershus for å stella til ein konferanse med det grunnleggjande viktige spørsmålet: Vil fusjonane i høgare utdanning i vår tid gå på kostnad avdistrikta?
Eg vil i mitt innlegg dra nokrehistoriske linjeri dette, og ikkje minst vera oppteken av dei nye høgskulane si samfunnsbyggjanderolle. Fusjonane kan nyttast til akademisk springbrett, der høgskulane får tyngde nok til å verta universitet. Men dei nye høgskulane kan også verta regionale kraftverk som spelar ei viktigare rolle lokalt, regionalt og nasjonalt enntidlegare.
Tillat meg å gjera ein personleg avstikkar. Det er uråd for meg å ikkje nemnaHarald Grimennår eg er ved Senter for profesjonsstudiar og Høgskulen i Oslo og Akershus. Den særmerkt fine filosofen, forfattaren og læraren Harald Grimen var frå Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Han arbeidde ved Senter for profesjonsstudiar fram til han døydde so altfor tidleg i 2011. Frå 2009 og fram til han døydde var Harald også professor II Avdeling for samfunnsfag, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eg var dekan ved avdelinga på den tida. Me var mange som lærte av Harald, ikkje minst kor viktig det var i profesjonsutdanningane å hausta frå fleire kunnskapsområde, og kunna handtera ulike former for kunnskap. Me kjem stadig tilbake til lærdommane og forfattarskapen til Harald Grimen når viktige spørsmål skal drøftast. Det skjerofte.
Dei rike distrikta. Lat oss bli kvitt førestillinga av distrikta som svake eller tilbakeliggjande. Tvert om vil store delar av distrikts-Noreg kunna visa styrke - sosialt, økonomisk, kulturelt og politisk. Og du som stiller deg tvilande til dette kan lesa ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, sivinterhelsingtil finansbyråd i Oslo, Robert Steen. Ordførar Bjørlo med utsiktspunkt Nordfjord skildrar med tilvising til handfaste døme Noregs mest rurale fylke Sogn og Fjordane med eit næringsliv som er høg-teknologisk, kunnskapsdrive, internasjonalt og i brodden for det grøne skiftet i Noreg. Satsing på utdanning og kunnskap har skjedd gjennom mange tiår. 8 av dei 20 beste grunnskulane i Noreg ligg i Sogn og Fjordane. Ungdommen i Sogn og Fjordane ligg på topp i Noreg når det gjeld evna til å gjennomføra 12-årigskulegang.
Lat meg for eiga rekning føya til at dette skjer i eit fylke som framleis driv ein omfattande råvareproduksjon. Primærnæringane står sterkt, næringsmiddelindustri vert drive og utvikla i framhald av dette. Fiskeoppdrett og fiskeri, og industriell produksjon av aluminium og ferrosilisium har gitt landet viktige eksport-inntekter gjennomgenerasjonar.
Når det gjeld fornybar energi, Sogn og Fjordane er fylke nr. 2 i Noreg, etter Hordaland, i høve til produksjonsvolum for vasskraftbasert elektrisitet. Ikkje noko fylke har dei siste 10-15 åra bygd ut so mykje fornybar energi i form av nyesmåkraftverk.
Dette skjer i eit fylke med fjordar, fjell og isbrear, reisemål i verdsklasse, i eit fylke der reiseliv og turisme får stadi


































































































