Sjå alle parolane som tek for seg arbeidsliv lengre ned i saka!
#metoo over heile landet
Over heile landet er det #metoo-kampanja mot seksuell trakassering som står først på agendaen i landets demonstrasjonstog og forsamlingshus:
* I Oslo, Kristiansand, Trondheim, Kongsvinger og Ås er «#metoo - fra taushet til kvinnekamp!» ein av årets hovudparolar.
* I Bergen er «Vi vet hva flørting er. #metoo» ein av hovudparolane, og forfattaren Heidi Helene Sveen skal snakke om kampanja og seksuell trakassering.
* I Tromsø er «#metoo: Nok er nok!» årets hovudparole.
* I Stavanger er «Frihet fra seksuell trakassering - #ikketilforhandling» ein av parolane. (Emneknaggen viser til i fagrørsla.)
* I Sarpsborg og Ålesund er #metoo tema for årets markering.
* I Fredrikstad arrangerer 8. marskomiteen «# metoo - hva nå?», der blant andre Trine Lise Sundnes, forbundsleiar i Handel og Kontor deltek. På Lillehammer kan du få med deg to foredrag om #metoo. På Mo blir det paneldebatt om kampanja, medan det blir samtale om #metoo i Bodø.
TIL FREDRIKSTAD: Trine Lise Sundnes, forbundsleiar i Handel og Kontor, kjem til Fredrikstad 8. mars, for å snakke om #metoo.
Martin Guttormsen Slørdal (arkivfoto)
Paroler om arbeidsliv
Kvinnerørsla har valt seg ut spesielt likeløn, sekstimersdag og pensjon som arbeidslivspolitiske kampsaker i årets markering. Her ser du heile lista med arbeidslivspolitiske parolar:
Oslo:
* «8-timersdagen 1918 - 6-timersdagen 2018!»
* «Pensjonskamp er kvinnekamp - forsvar offentlig AFP»
* «Lønnet arbeid til alle - praksisarbeid er slavearbeid!»
* «Ikke shoppe vakter - hele og faste stillinger nå»
* «Likelønn NÅ! - aktiv politikk for kjønnsbalanse i alle yrker»
Markeringa startar klokka 18.00 på Youngstorget. Arrangør er 8. marskomiteen i Oslo. Sjå alle parolane.
Bergen:
* «Vi krever likelønn - ikke lønn etter kjønn»
Markeringa startar klokka 17.00 på Torgallmenningen. Arrangør er. Følg med for meir informasjon om programmet.
Trondheim:
* «Forsvar offentlig pensjon!»
* «Ja til 6-timers dag»
* «JA til faste ansettelser»
* «Likelønn nå!»
* «Lovfest retten til heltid nå!»
Markeringa startar klokka 17.00 på Torget, der Ane Julie Folde frå Fellesforbundet held appell. Etterpå blir det på Statens hus. Arrangør er 8. marskomiteen i Trondheim. Sjå meir informasjon om programmet.
Tromsø:
* «Likelønn nå!»
* «Ikke shoppe vakter - hele og faste stillinger nå»
* «8-timersdagen 1918 - 6-timersdagen 2018
* «Pensjonskamp = Kvinnekamp»
Oppmøte er på Stortorget klokka 17.00. Arrangør er. Sjå heile programmet.
Stavanger:
* «6-timers arbeidsdag med full lønnskompensasjon»
* «Forsvar offentlig pensjon»
* «Forsvar velferdsstaten - privatisering tapper det offentlige»
Markeringa startar klokka 17.00 i Byparken, etterfølgt av tog. Arrangør er. Sjå heile programmet.
Drammen:
* «Lovfestet rett til heltid - nei til midlertidige jobber»
* «Lik lønn for likt arbeid»
* «Stopp utnyttingen av ungdommen - tarifflønn til alle»
Oppmøte er klokka 17.45 ved Torgeir Vraas plass 1. Toget går til Folkets hus. Deretter blir det Festmøte i Folkets hus kl. 19.00. Arrangør er. Sjå heile programmet.
Kristiansand:
* «Lovfesta rett til heltid -ja til 6-timersdag» (Rødt Kristiansand)
Markeringa startar klokka 16.30 på Torvet, der blant anna Ragne Tesaker Quinteros frå Norsk sykepleierforbund hel appell om «kvinner og pensjon».
Arrangør er, saman med blant anna Fagforbundet Kristiansand, Fagforbundet Sørlandet, LO Kristiansand og omegn og Norsk sykepleierforbund.
Slik blir kvinnedagen markert
Fredrikstad:
Trine Lise Sundnes, forbundsleiar i Handel og kontor, deltek på arrangementet «#metoo - hva nå?» klokka 18.30 på Litteraturhuset. Arrangør er 8. marskomiteen i Fredrikstad ved Ap, SV, Rødt og LO. Sjå heile programmet.
Sarpsborg:
8. marskomiteen i Sarpsborg inviterer til i Sarpsborg kirke klokka 18.00.
Grenland:
8. marskomiteen og fleire inviterer til på Litteraturhuset i Skien klokka 18.00.
Ålesund:
8. marskomiteen i Ålesund inviterer til appeller og fakkeltog på Rådhusplassen klokka 18.00, før eit arrangement på Teaterfabrikken klokka 19.00. Sjå heile programmet.
Tønsberg:
I Tønsberg blir det feiring på Papirhuset klokka 17.30. Komiteen inviterer til ein kveld med innleiingar, musikk og appellar. Arrangør er, saman med blant anna Fagforbundet Ung. Sjå heile programmet.
Moss:
I Moss blir det markering av den internasjonale kvinnedagen, med tale, appell, debatt og underholdning i Samfunnssalen. Dørene åpner klokka 16.00. Sjå heile programmet.
Haugesund:
8. marskomiteen i Haugesund inviterer til arrangement på Høvleriet. Dørene blir opna klokka 18.30. Sjå heile programmet.
Sandefjord:
I Sandefjord blir det markering på Biblioteket klokka 18.00. Blant appellantane er Anne Merete Sørensen frå Fagforbundet, og det blir standup og musikk. Arrangørar er Fagforbundet, Sosialistisk venstreparti og Arbeidarpartiet.
Arendal:
har varsla eit på Kanalplassen klokka 17.00, med appell og tog til Fagforeningenes hus, der det blir kulturkveld og kafé.
Bodø:
I Bodø inviterer LO i Nordland og Bodø Arbeiderparti til samtale om #metoo i Stormen bibliotek klokka 15.00.
Lillehammer:
På Lillehammer blir det arrangert foredrag, appellar, teater og utstilling utover heile dagen. Sjå heile programmet.
Mo i Rana:
På Mo blir det foredrag om likeløn, underhaldning og paneldebatt om #metoo. Blant arrangørane er LO Rana og omegn. Sjå heile programmet.
Molde:
I Molde blir det «likestillingstog» klokka 17.30, frå Plassen til Molde videregående skole, der det blir tale, appeller og musikk. Arrangør er. Sjå heile programmet.
Harstad:
I Harstad blir det tradisjonsrikt festmøte på UiT klokka 17.00. Klokka 20.30 blir det filmvisning på Harstad kino. Fakkeltog for kvinners rettssikkerheit går frå Torget til UiT klokka 16.30. Arrangør er 8. mars-komiteen i Harstad. Sjå heile programmet.
Elverum:
I Elverum blir det foredrag, appeller og sosialt samvær på rådhuset frå klokka 19.00. Blant arrangørane er Norsk sykepleierforbund i Hedmark, Fellesorganisasjonen Hedmark, Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Handel og kontor. Sjå heile programmet.
Kongsvinger:
I Kongsvinger blir det tog frå Rådhusplassen til Kvinnemuseet. Oppmøtet er klokka 18.00, med velkomstappell. Etter toget blir det kulturelt, appeller og tale på Kvinnemuseet, før gratis filmvisning på Rådhus-Teatret. Arrangør er 8. marskomiteen i Kongsvinger. Sjå programmet for heile veka.
Levanger:
I Levanger blir det arrangement heile dagen. Klokka 18.00 blir det appeller på torget, før fakkeltog klokka 18.30. Arrangør er. Sjå heile programmet.
Ås:
Det blir arrangement utenfor Ås kulturhus og på Ås seniorsenter frå klokka 17.00, med underholdning og taler. Blant støttespelarane til arrangementet er Fagforbundet. Sjå heile programmet.


































































































