Norsk Landbruk
08.10.2020
Sol frå skyfri himmel sommaren 2018 var med på å leggje mørke skyer over økonomien i landbruket. Ferske tal for 2019 viser gløtt av sol, men ikkje den heilt store tilveksten i økonomien.
Tala til Tveit Regnskap byggjer på 1 700 familiebruk, som har hovudinntekta si frå jordbruket på Haugalandet. Hovudtrekket viser at innteninga tok seg litt opp både for ku, gris og sau, men at høgare kostnadar tok mykje av auken, slik at botnlinja blei ganske uendra.
Haugalandet er eit grasland, og mjølkeproduksjon er ein berebjelke i landbruket. Den gjennomsnittlege mjølkebonden auka i 2019 innteninga si med 1 200 kroner per ku, og med 28 kyr i snitt tilsvarar det 34 000 kroner i styrka dekningsbidrag.
Den skattbare inntekta auka med 5 900 kroner frå 2018 til 2019, viser tala.
Saman med ei stabil inntekt frå både mjølk og kjøt, bidrog også lågare grovfôrkostnader til at mjølkebonde