Men eit einsidig fokus på og prioritering av internasjonal toppforsking kan vere med på å skape unødvendig avstand mellom forskarar og folk flest - inkludert profesjonsutøvarar. Når til og med medlemmer av regjeringa dels sår tvil om forskingsresultat og dels signaliserer forventningar om bestemte funn frå forsking så er det ikkje rart om folk flest tenkjer i liknande baner. Tidlegare rektor ved Høgskolen i Ålesund, Marianne Synnes, har nett vorte vald inn på Stortinget. Ho er den einaste på tinget som har doktorgrad. Vi kan ikkje vente at den vanlege stortingsrepresentant skal ha særleg innsikt i korleis forskarar tenkjer. Og det er vårt ansvar som forskarar og leiarar på forskingsinstitusjonar å kommunisere slik at mottakarane forståross.
I ei tid då fake news har vorte eit dagleg brukt uttrykk, med sviktande oppslutnad om tradisjonelle redaksjonelle media og med aukande skepsis til forsking og fakta meir generelt (post truth), så er det avgjerande viktig at forskinga vender seg ut til det allmenne publikummet for å fortelje ikkje berre om sine positive resultat. Men også om interne debattar og metodar. Meir og betre forskingsformidling vil også formidle tvil, ma


































































































