Mistenker at de krakilske barnetegningene du produserer står for flere selvdrap årlig.
Tweeten blei sendt frå en anonym konto utan følgjarar som aldri har publisert eigne innlegg, ein trollkonto. Dette er tonen i arkitekturdebatten i Norge anno 2022.
Eg arbeider som arkitekt i eit middels stort arkitektkontor i Oslo og dei siste åra har eg teikna skular, kulturhus, bibliotek, barnehager og habiliteringsboliger for kronisk sjuke. Oppdragsgjevar har vore kommune og fylkeskommune, med andre ord du og eg. Eg teiknar vanlege bygg for folk flest.
Parallellt med at desse bygga har blitt teikna og bygd, har Arkitekturopprøret Norge produsert ein kakafoni av hets. Andre vil kanskje kalle det eit opprør frå grasrota som set fingeren på noko mange tenkjer, og ein kan ha noko rett i det. Men målet forsvarar ikkje middelet


































































































