Tidsskrift for norsk psykologforening
01.10.2021
Kjenslene mine er som eit godt brukt målarskrin.
Kjensler er naudsynt og komplisert. Dei kan vere gode og vonde.
Dei kan verke bindande og fråstøytande. Aktiverande og regulerande. Kjensler vert ofte omtala som noko universelt gitt og avgrensa - samstundes kan dei verke intuitive og til tider kaotiske. Noko unikt og erfart. Noko berre eg kan kjenne i min kropp. Fleire har søkt etter svar på kjenslenes mystikk. Nokre har leita i ansiktsuttrykk, i kroppslige reaksjonar og andre i nevrobiologiske nettverk i hjernen. Likevel ser det ikkje ut til at vi finn ein universell fasit på kor mange kjensler vi har, korleis dei vert skapte, eller korleis dei kjem til uttrykk.
Eg møter kjensler i forskjellige samanhengar. Nokre menneske vert sende til meg med ei bestilling. Dei treng å få kontakt med, eller setje ord på, kjenslene sine. Som om kjensler skulle vere eit universelt språk som var likt for alle. Andre kjem med eit ynskje om å verte betre til å regulere kjenslene sine. Som om dei var utstyrte med knappar og brytarar der vi kan justere opp, ned, fram og tilbake på dei ulike kjenslene. Nokre kjem berre innom fordi dei ynskjer å forstå sine eigne kjensler. Nesten som det var ein kognitiv kode vi skulle knekke. Det vert sjølvsagt spanande og viktige samtalar av desse spørsmåla. Men det
Gå til medietDei kan verke bindande og fråstøytande. Aktiverande og regulerande. Kjensler vert ofte omtala som noko universelt gitt og avgrensa - samstundes kan dei verke intuitive og til tider kaotiske. Noko unikt og erfart. Noko berre eg kan kjenne i min kropp. Fleire har søkt etter svar på kjenslenes mystikk. Nokre har leita i ansiktsuttrykk, i kroppslige reaksjonar og andre i nevrobiologiske nettverk i hjernen. Likevel ser det ikkje ut til at vi finn ein universell fasit på kor mange kjensler vi har, korleis dei vert skapte, eller korleis dei kjem til uttrykk.