AddToAny

Å lage eventyr med barna

Å lage eventyr med barna
Å skape forteljingar med barn treng ikkje å vere så komplisert, meiner Silje Neraas og Cecilie Dyrkorn Fodstad. Les kronikkforfattaranes tips til korleis du kan ta i bruk sjangertrekka til eventyret for å lage dine eigne eventyr saman med barn.
Av: Silje Neraas og Cecilie Dyrkorn Fodstad, norsklektorar ved DMMH 11.01.2017

Eventyr er for alle, også for dei aller yngste barnehagebarna våre, slik som vi nyleg har skrive om i ein kronikk her på barnehage.no.

I denne kronikken ser vi nærare på det å bruke eventyrsjangeren for å lage forteljingar saman med barna.

Heidi (4 år) har fått ei stor teikneblokk av bestefaren sin til jul. På den første sida står det med store bokstavar EVENTYRBLOKKA TIL HEIDI. Heidi legg seg ned på golvet og byrjar å teikne ei prinsesse i blokka si: Ho har ein lang kjole og langt, mørkt hår. Tanta hennar spør om dei skal lage eit eventyr saman og legg seg ned på golvet saman med henne. Heidi ligg på den eine sida av blokka og teiknar og fortel. Tanta ligg på den andre sida og skriv medan ho seier: Det var ein gong... og spør: Kven skal eventyret handle om? Heidi fortel og eventyrskapinga er i gong. Etterpå går Heidi bort til bordet der resten av familien sit, og mora til Heidi les eventyret høgt for alle andre, medan Heidi sit på fanget og lyttar til si eiga forteljing.

Ein lett sjanger å dikte ut frå

Silje Neraas og Cecilie Dyrkorn Fodstad jobbar som norsklektorar ved Dronning Mauds Minne Høgskole. Privat

Eventyret er ein kjent sjanger og blir mykje brukt i barnehagekvardagen. Barn blir raskt og tidleg kjente med særtrekka til eventyret, og med ein gong vi seier eventyrformelen Det var ein gong... veit dei fleste barn at no kjem det eit eventyr. Eventyret er formellitteratur og har mange faste formlar, som til dømes Det var ein gong og Snipp, snapp, snute som byrjar og avsluttar eit eventyr. Desse formlane er sentrale i eventyra på grunn av det munnlege opphavet til sjangeren, og er eit hjelpemiddel for forteljaren til å hugse forteljinga (Birkeland og Mjør, 2013, s. 37).

Det munnlege opphavet er òg grunnen til at eventyret har ei så tydleg oppbygging, og at det som oftast har berre éin helt, éi utfordring og éin handlingstråd. Dette kan vi sjå spor av i Heidi sitt eventyr, og ho tek i bruk fleire kjente element frå eventyret, blant anna nokre typiske karakterar vi møter i eventyra: Heidi assosierer heilt tydeleg til prinsessa når ho byrjar å teikne. Enkelte karakterar frå eventyrverda er òg kjente for dei fleste barna. Då tenkjer vi i hovudsak på medlemmar frå kongefamilien og utyske som troll, heks og kanskje til og med fanden. Stemorsrolla er dessutan noko for seg sjølv i eventyra, og då som ei

Les mer

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt