Orda er den britiske forfattaren og katolske apologeten G. K. Chesterton sine. Og dei er blant mine favorittsitat, sjølv om eg elles ikkje har lese noko særleg av Chesterton.
I Bjørn Stærk si nye bok Jakten på den grønne lykken får ein høve til å bli kjent med nokre fleire av Chesterton sine idear. Stærk samanfattar Chesterton sin kapitalismekritikk, skriven frå ein rimeleg konservativ ståstad. Han oppsummerer Chestertons bondeideal.
Og Stærk gjentek ei likning frå Chesterton si bok The Outline of Sanity, ei historie som handlar om ein mann som oppdagar at har får servert livsfarleg, forgifta øl på pubben. Etter å ha sett venar stryka med, går mannen naturleg nok til myndigheitene for å klaga, men der får han spørsmål om kva han vil skal koma istadenfor det livsfarlege vertshuset. Det var nok best å lata ting vera som dei er.
Hjå Chesterton ender historia med at mannen blir fortalt at han er gal. Noko er det visst i det, også, for heile forteljinga ender opp med at den forgifta pubgjesten sjølv blir drapsmann, ein del av likninga som Stærk ikkje røper for oss, ei lita innbakt åtvaring, kan hende.
Men som Stærk skriv: «Når nåtilstanden er råtten, mente Chesterton, må du våge å gå i en annen retning selv om du ikke vet akkurat hvor du vil ende opp. Det minste du kan gjøre er å erkjenne for deg selv at tilstanden er råtten, danne deg et bilde av hva som er friskt, og tenke på hvilken retning det friske kan befinne seg i».
Galskapen