Utdanning
07.04.2017
«No er vinteren over, regnet er forbi, det er borte. Landet blir dekt av blomar. Songtida er her», står det i Høgsongen, og slik er det i skolegarden på Fryal i Søndre Land i Oppland den første vårdagen i år. Skilnaden er at her er det songtid heile året.
Songambassadørar
Kvar onsdag samlar songambassadørane medelevane til songleikar og dans i skolegarden i storefri. Elevane frå fjerde til sjuande trinn vel fire ambassadørar for kvart trinn. Dei skal mellom anna leggje opp onsdagssongen i skolegarden.
Her har fotografen fanga elevane etter ein bråstopp i musikken. Da må songen og dansen «fryse», til musikken kjem på att.
Frå v. : Melissa Suleymani, Lyra Kimsdotter Slåttum, Christina Sveum Åsbekken, Helle Perstuen, Ingeborg Lysen Bekkelien, Ina Raaum Andreassen, Anna Tronrud, Tobias Fremstad Dulsrud og Martin Emilsen.
Da
Gå til medietKvar onsdag samlar songambassadørane medelevane til songleikar og dans i skolegarden i storefri. Elevane frå fjerde til sjuande trinn vel fire ambassadørar for kvart trinn. Dei skal mellom anna leggje opp onsdagssongen i skolegarden.