I eit debattinnlegg i Bergens Tidende tar han til orde for at rektor ved NHH, Øystein Thøgersen, bør gå av som følgje av styrevervet han tildelte dåverande kjæraste, og kort tid etter kone, i 2022.
«Hvilket forbilde for studentene er institusjonens toppleder ved å forøve et slikt tillitsbrudd og så bare legge seg flat? Ville ikke det å ta fullt ansvar i dette tilfellet heller bety at man trekker seg fra sitt verv?», skriv Andersland.
Han viser til sakene der to regjeringsmedlemmer, Tonje Brenna og Anette Trettebergstuen, har havna i habilitetsutfordringar. Trettebergstuen trekte seg som statsråd etter dette. Saka med Brenna er enno ikkje avklart i Stortinget.
Thøgersen seier til Khrono at han ikkje vurderer å trekke seg.
- Lærestykke
Thøgersen utnemnde hausten 2022 sin dåverande kjæraste og tidlegare prorektor i Thøgersens rektorat, Linda Nøstbakken, til styreverv i NHHs forskingsselskap, Samfunns- og næringslivsforskning (SNF). Paret gifta seg nokre veker


































































































