AddToAny

«Deres iøinefaldende mindreverdighet»

Forskarar har forsvart kolonialisme, slaveri, fornorsking og folkemord. - Ein arv vi må forhalde oss til, seier forfattar av ny bok om rasevitskapen.
Som ein mørk understraum har raseforskinga strøymd gjennom vitskapshistoria. Men i lange periodar og på mange fagfelt har rasistisk fundert vitskap også vore ein hovudstraum med høg prestisje.

- At folk kan delast inn i biologisk distinkte grupper, basert på ytre kjenneteikn eller biologiske skilnader, er ein tenkemåte som har henta mykje legitimitet frå vitskapen, seier Jon Røyne Kyllingstad.

Med boka «Rase», som er ute i desse dagar, har historikaren gitt plass til ein del av vitskapshistoria som truleg er meir omfattande enn dei fleste er kjende med eller ønskjer å ta inn over seg.

Frå starten med 1758-utgåva av den svenske vitskapsmannen Carl von Linnés storslagne verk «Systema naturae», eit klassifikasjonssystem over heile den naturlege verda: Det var første gong vitskapen delte menneska inn i rasar, basert på hudfarge. Til «The Bell Curve» frå 1994, der statsvitaren Charles Murray og pyskologen Richard J. Herrnstein gjorde høgst kontroversielle koplingar mellom rase og intelligens.

Dette er idear som ifølgje Kyllingstad framleis blir resirkulerte, mellom anna med støtte frå den ytterleggåande, rasistiske høgresida i USA, som arbeider for å bygge opp under den gamle ideen om medfødde ulikskapar mellom rasane.

Raseforskinga var sentral då forteljinga om nasjonen Noreg vart forma.

Jon Røyne Kyllingstad, historikar

I «Rase» trekker Kyllingstad linjene heilt frå Linné, via framståande, europeiske opplysningsfilosofar, til skallemåling og draumar om den ariske rasen, og fram til rasehygienen med norske vitskapsfolk som sentrale representantar. Ein viktig del av historia er også undertrykkinga av vår eiga urbefolkning, samane.

Var dei berre barn av si tid, dei rasistiske vitskapsfolka?

Kyllingstad stiller sjølv spørsmålet i boka. Det korte svaret hans er: nei.

Påverka mange fag

Som vitskapeleg omgrep har «rase» opphav i fysisk antropologi, som voks fram på 1800-talet, med eit mål om å utforske menneska si biologiske historie, og beskrive biologiske skilnader mellom folk. Med det begynte eit omfattande arbeid for å kartlegge ytre fysiske kjenneteikn, som skalleform, augefarge, hår- og hudfarge. På dette grunnlaget, meinte professorane den gongen, kunne ein dele menneska inn i eit vitskapeleg system av rasar.

Og i det meste av dei hundreåra rase var forskingsobjekt, var det vanleg å rangere desse rasane i eit hierarki av høgare- og lågareståande: Vitskapen legitimerte eit rasistisk verdsbilde i ei tid då både kolonialisme og slaveriet voks fram med utgangspunkt i dei europeiske imperiemaktene.

«Og noen av Europas mest anerkjent vitenskapsmenn (og noen få kvinner) var med på å skape denne vitenskapen», skriv Kyllingstad.

- I denne disiplinen har rase vore det sentrale omgrepet frå starten av 1800-talet og fram til ei god stund etter andre verdskrigen. Faget, og rase, er altså langt frå marginalt i vitskapshistoria, og har påverka mange andre fagområde, som psykologi, genetikk, språkforsking og historie, seier Kyllingstad.

Historia om raseforskinga dukkar ofte opp i meir fragmentariske former i våre dagar, for eksempel i dei betente diskusjonane om rasisme og avkolonisering av akademia. Ingen vil bli kopla til rasisme, og skuldingar om rasisme fører raskt til ein polarisert diskusjon.

Kyllingstad seier boka ikkje er meint som eit innlegg i desse debattane. Derfor vil han ikkje seie noko eintydig, for eksempel om det som i offentlegheita blir omtalt som avkolonisering av akademia, er rett eller gale.

- I våre dagars debattar verkar det ofte uklart kva både tilhengarane og motstandarane av avkolonisering

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt