BUSKAP
06.03.2017
Ei god grasavling fører bort om lag like mykje kalium som nitrogen, og god kaliumforsyning er viktig for å ta ut store avlingar. Likevel treng vi normalt ikkje tilføre like mykje kalium som nitrogen på grunn av at graset kan ta opp mykje kalium frå reservar i jorda.
For husdyra kan overdosering av kalium vera uheldig, da mykje kalium senkar opptaket av andre mineral som magnesium og kalsium. Dette kan auke risikoen for sjukdomar som graskrampe og mjølkefeber. Rett nivå på kaliumgjødslinga er derfor viktig både for gjødslingsøkonomien og dyrehelsa.
Bruk av jordanalysar for å finne behov
Tilførsel av kalium frå jorda er avgjerande for gjødslingsbehovet, og bruk av jordanalysar er viktige for å korrigere behovet for tilførsel. Til eng er den langsiktige verknaden målt som syreløyseleg kalium (K-NO3) viktigast. Denne verdien er høgast på leirjord og anna jord med opphav frå kaliumrike bergartar som til dømes glimmer. Nokre delar av landet har jord med svært høge verdiar av syreløyseleg kalium, over 200 milligram per 100 gram jord. Langvarige engforsøk på slik jord har ikkje vist avlingsutslag for kaliumgjødsling sjølv etter 20 år utan gjødsling, og kaliuminnhaldet i graset er gjerne høgt. I praksis må ein også føre husdyrgjødsla tilbake i slike område, slik at ein har ein overskotssituasjon for kalium. Motsett vil behovet for gjødsling vera stort på jord med låge verdiar for syreløyseleg kalium. Mykje sandjord har verdiar under 20 milligram per 100 gram jord, og her er opptaket frå
Gå til medietBruk av jordanalysar for å finne behov