Forskerforum
06.03.2017
Boka er ei kjelde til innsikt og eit korrektiv i det norske ordskiftet. Men må forskaren handtere gru med avstand?
Nye krigar formar nye generasjonar. Ikkje berre dei som deltek og overlever, men også andre som får forma kollektive minne om politiske og moralske skiljeliner, slik min generasjon vart forma av Vietnamkrigen, unge arabarar av USA sin krig i Irak. Så når eg opnar denne boka, prøver eg å sjå henne gjennom auga til ein oppvakt, enno ikkje desillusjonert ungdom, som her får presentert sitt bilete av krigen i Syria.
Kva bilete er så det? Boka startar med dei nølande tillaupa til demokratisk optimisme den arabiske våren 2011 skapte i Syria, men vert raskt avbroten av regimets brutale svar og den påfølgjande borgarkrigen. Deretter er det eit studium prega av sakleg velgrunna mismot. Først Syria sett innanfrå, det etniske og religiøse lappeteppet med ein marginalisert sunniarabisk majoritet, virvaret av sjiamuslimske sekter, kurdarar og andre. Deretter røtene og styrken til Assads mi
Gå til medietKva bilete er så det? Boka startar med dei nølande tillaupa til demokratisk optimisme den arabiske våren 2011 skapte i Syria, men vert raskt avbroten av regimets brutale svar og den påfølgjande borgarkrigen. Deretter er det eit studium prega av sakleg velgrunna mismot. Først Syria sett innanfrå, det etniske og religiøse lappeteppet med ein marginalisert sunniarabisk majoritet, virvaret av sjiamuslimske sekter, kurdarar og andre. Deretter røtene og styrken til Assads mi


































































































