AddToAny

Kvinner i Saksa

Kvinner i Saksa
Kvifor fell fleire kvinner enn menn ut av den akademiske karrieren? Forskerne som blir borte var tittelen på ei stor sak i Forskerforum i 2008.
Mange aspekt er nemnde: konkurransekulturen i akademia, kameraderi, arbeidsvilkåra (den gongen som no med mykje mellombels tilsetting), og å få ungar midt i kvalifiseringsløpet. Vi hadde snakka med ein fråfallen, kvinneleg forskar, som oppsummerte det heile med at ho ikkje hadde nok vilje. Og så hadde vi sjølvsagt med figuren Saksa, ein moderne klassikar: Saksa viser korleis kvinnene er i fleirtal ved starten av studia, men undervegs i den akademiske karrieren stupar kvinnegrafen og kryssar den stoisk stigande mannsgrafen. Jo høgare i karriereløpet, jo større er mannsovervekta.

Kvinner med barn jobba færrast timar

I 2012 kom Arbeidsforskingsinstituttet (Afi) med ei undersøking av tidsbruken i akademia. Den viste at kvinner med barn jobba færrast timar, menn utan barn jobba flest. Så lenge forsking på fritida må til for å lykkast som forskar, spelar det ei stor rolle kva plikter du har, eller tek på deg, utanfor arbeidstida. Afi-forskarane fann at kvinnelege førsteamanuensar hadde andre rammer for karriererealisering enn menn.

Så har det gått nokre år. Mange tiltak er prøvde, og det finst utvikling. Prosentdelen kvinnelege professorar auka frå om lag 22 i 2010 til nesten 27 i 2015. 2014 vart det fyrste året då fleire kvinner enn menn tok doktorgrad i Noreg. Kryssingspunktet i Saksa har dermed flytta seg, men ho gapar framleis.

Så korleis kjem ein vidare? Sjå på denne setninga, sagt av forskaren Sevil Sümer til På Høyden for vel eitt år sidan: Det finst eit komplekst samspel av institusjonelle og kulturelle forhold som gjer at kvinner får dårlegare vilkår til vidare avansement enn menn. Forskaren ved Uni Research Rokkansenteret ytra orda i samband med ei undersøking om kjønnsbalanse ved store forskingsinstitusjonar i Bergen. Eg tykkjer det er brutalt klårt om det uklåre.

Likestilling i akademia handler ikke om at jentene skal ha det hyggelig på jobb

Sneglefart

I fjor hadde Universitetsavisa ei noko desillusjonert sak om nye tal for kjønnsbalansen ved NTNU. Likestillingsrådgjevar Svandis Benediktsdottir var ei sentral kjelde: Etter 15 år erkjenner hun at det fremdeles går i sneglefart. Dette til tross for startpakker, kvalifiseringsstipend, letekomitéer, nettverk, mentorprogrammer og annet som skal få skikk på kjønnsbalansen. Prosentdelen menn i akademiske toppstillingar var då på 76 for heile NTNU. Utviklingen går i alle fall ikke i riktig retning ved et eneste fakultet på NTNU, sa Benediktsdottir.

Hotell i ei veke

Men eg hugsar godt eit motstykke, eit døme som kunne få ein til å tru at det er enklare. UiT hadde 24,6 prosent kvinnelege professorar i 2010, og sette seg eit mål om å auke til 30 innan 2013. UiT kom til at det best kunne gjerast ved å kvalifisere kvinnene som alt var der, og hovudtiltaket var verna tid: Dermed innkvarterte vi dem alle på hotell i en ukes tid fire ganger i løpet av perioden. Her hadde de oppredd seng, ferdiglaget mat, trådløst nettverk på rommet og tilgang til skriver, fortalde seniorrådgjevar Marit Fagerheim til Forskerforum. På få år nådde 18 kvinner toppstillingskompetanse ved hjelp av det særskilte opprykksprosjektet. 30-prosent-målet vart nådd.

Les saken her: I løpet av tre år har UiT fått landets høyeste andel kvinnelige professorer.

Andre land

Så er det enkle det beste? Eg ringde Mari Teigen, leiar ved Senter for likestillingsforsking, som har fått midlar til det internasjonale NORDICORE-prosjektet. Fram til 2022 skal forskarane gå breitt til verks i å studere kjønnsbalanse i forsking og innovasjon. Teigen vonar at forskinga kan gje retning for ei politikkutvikling som skapar endring, og det er ikkje lite. Ho vil tilføre noko til den nærsynte kjønnsbalanse-i-akademia-diskusjonen, og i større grad trekkje inn andre sektorar og andre land. Korleis slår det til dømes ut at folk med akademisk bakgrunn kan få betre arbeidsvilkår andre stader?

Eg nemner hotell-tiltaket til UiT og hjartesukket frå NTNU. Teigen trur, ikkje uventa, at løysinga knapt er berre hotellopphald. Ein må sjå på føresetnadene kvar enkelt stad, og for å verte klokare, må ein à 2 g vurdere effekten av enkelttiltak.

Det hadde vore fint å avslutte leiaren med nokre fyndord. Kan du gje meg dei?

- Vi treng å vite meir om kva som virkar og kva som ikkje virkar.

Ha ein god 8. mars!

Saksa i Forskerforum i 2008.

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt