Forskerforum
02.09.2026
Vi startar med mistanken: Finst det rom for fri og kritisk forsking på norsk utanrikspolitikk? Eller er nesten alt styrt av dei som fører politikken og sit på pengesekken og kjeldematerialet?
Kritikken mot den utanrikspolitiske semja har kome frå høgre, venstre og sentrum, frå sosialistar som Sigurd Evensmo på 1950-talet til den konservative statsvitaren Asle Toje i dag. «Forskning på norsk utenrikspolitikk skjer i en tåke av konsensus», skreiv Bergens Tidende på leiarplass i 2009. Slik kritikk var råkande, meiner eksdiplomat og eksforskar Henrik Thune. Men no er problemet eit anna, slik han ser det: Den utanrikspolitiske forskinga har blitt mykje friare, med meir grunnforsking, men samtidig mindre relevant for politikken.
I eit land som Noreg er det alltid ein risiko for å få konsensussirklar. Men vi ser ikkje lenger så mykje samansmelting av forsking og politikk. Problemet er at vi som land har mista dei strategiske romma for å diskutere utanrikspolitikk, seier Thune.
cv-en hans dekker det meste av feltet: doktorgrad i statsvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO) og London School of Economics, forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (nupi), seniorrådgjevar i Utanriksdepartementet (ud), direktør for noref Senter for internasjonal konfliktløysing, statssekretær for Ap. I dag er han forfattar og deltids rådgjevar tilknytt noref noref. Thune har skrive fleire bøker, mellom anna Hva Norge kan være i verden og Strengt fortrolig Norges hemmelige forsøk på å stanse krigen i Libya. Dette intervjuet er ein invitasjon til å tenke høgt og fritt om den utanrikspolitiske forskinga i Noreg. Konsensus Ein angrepsvinkel til feltet er synspunkta til samfunnsgeografen Terje Tvedt, som i mange år har kritisert det såkalla humanitærpolitiske komplekset:
ei særnorsk blanding av utanrikspolitikk, bistand, forsking, aktivisme og journalistikk, med kvelande konsensus som resultat.
Du har levd i det utanrikspolitiske systemet i snart 30 år. Kjenner du at kritikken frå Tvedt er råkande?
Som eit historisk bilete hadde framstillinga hans mykje for seg. Det var rett nok ikkje så mange personar som Jan Egeland, som gjekk att og fram mellom forsking, politikk og bistandsorganisasjonane. Problemet var meir økonomisk og strukturelt. Men kritikken av den norske modellen for såkalla engasjementspolitikk stemte bra.
Modellen Thune siktar til, innebar eit nært og ofte uformelt samarbeid mellom styresmakter, bistandsorganisasjonar, fagrørsle og forskingsinstitusjonar.
Kva meiner du er endra? Det Terje Tvedt kritiserte, var eit nasjonalt regime. Det utanrikspolitiske feltet har blitt meir internasjonalt dei siste 1015 åra, og det kunnskapspolitiske regimet er endra. Dette høyrest kanskje ut som eit slags sjølvforsvar frå mi side, men eg trur at det er mindre elitesirkulasjon og ryddigare relasjonar enn det var, seier Thune.
Da Thune vart forskar ved nupi på slutten av 90-talet, var det i stordomstida til freds- og forsoningspolitikken. Oslo-avtalen var rekna som ein stor suksess, og ambisjonsnivået for norsk diplomati var skyhøgt. Institusjonar som nupi og Chr. Michelsens Institutt (cmi) vart flittig brukte av UD som kunnskapsleverandørar, og vart i s
Gå til mediet I eit land som Noreg er det alltid ein risiko for å få konsensussirklar. Men vi ser ikkje lenger så mykje samansmelting av forsking og politikk. Problemet er at vi som land har mista dei strategiske romma for å diskutere utanrikspolitikk, seier Thune.