Forskerforum
02.01.2017
Pensjonerte forskarar er svært billig arbeidskraft for universitetet. Burde dei ikkje hatt ei anstendig lønn?
Forskerforum skreiv i nr. 9/16 om pensjonistar ved Universitetet i Oslo (UiO) som underviser like mykje som før, men til svært låg timelønn (sjå faktaboks). Er det for lett å utnytte pensjonistane, som er billige i drift, men som tilfører institusjonane pengar?
Øyvind Grøn er professor emeritus ved ingeniørutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), og ein svært produktiv forskar og formidlar.
- Eg var eineforfattar på tre av dei seks vitskaplege artiklane eg hadde på trykk i 2016, og som kvar gav om lag 40 000 i inntekt til høgskulen. HiOA har også ei formidlingsordning, så ingeniøravdelinga fekk 1500 kroner for kvar av dei 130 populærvitskaplege artiklane eg skreiv og dei 28 foredraga eg heldt i 2016. Ingeniørutdanninga har nok drege inn 300 000 på meg berre i fjor, seier Grøn.
Sjølv får han 191 kroner i timen for å undervise, og ingenting for artiklane.
- Eg får godtgjort tre timar for kvar førelesing, men det er jo veldig smått, seier Grøn, som i tillegg til professorstillinga ved
Gå til medietØyvind Grøn er professor emeritus ved ingeniørutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), og ein svært produktiv forskar og formidlar.