AddToAny

Ta Sommarles til nye høgder!

Kvar sommar les norske barn seg ned på nivå for å vinne premiar dei ikkje treng. Det er noko med Sommarles som ikkje funkar. Og det er på høg tid at vi snakkar om det.
Tre minne frå Sommarles-hukommelsen i tilfeldig rekkefølge:
1. Sommarles-armbanda frå Kina i fargerik silke. Dei passa 1 av 10 norske barn. Norske barn var for tjukke for malen. 2. Pappaen som skreiv på Facebook og lurte på om nokon bibliotektilsette nokon gong hadde lese Sommarlesforteljinga? Det tvilte han på, så keisam syntest han den var. 3. Jenta i 6. klasse som marsjerte inn første dagen av Sommarles og lånte ein stor bunke med dei tynnaste lettlesbøkene ho kunne finne. Dei same bøkene ho hadde lese i fjor sommar. I starten av juni kvart år skjer det: Sommarles brakar laus, noko av det beste bibliotekverda har kome opp med siste 15 åra, utvilsamt. Sommarles er ei merkevare i seg sjølv. Og kanskje den einaste ordentlege merkevara biblioteka har (utanom merkevara «bibliotek», sjølvsagt).
Me i bibliotekverda er stolte av Sommarles. Skular snakkar om Sommarles, lokalaviser skriv om Sommarles, riksaviser skriv om Sommarles, ordførarar snakkar om Sommarles, av og til kjem Sommarles på radio og TV. Alle ser ut til å skjønne konseptet. Sommarles blir ei felles referanseramme, ei av få i vår tid.
Men det finst forbetringspunkt, og nokre ting hastar det med.
Skapt for bokslukarar
Eg hugsar dei frå dei åra eg jobba på folkebibliotek. Barna som kom dagen før eller dagen etter Sommarles starta. Og gjekk ut av biblioteket med ein haug lettlesbøker. Dei tynnaste med aller minst tekst og aller størst skrift. Dei var på eit anna lesenivå, eige
Gå til mediet

Flere saker fra Bok og bibliotek

redaktør i bok & bibliotek Tysdag 14.
Bok og bibliotek 27.05.2026
Kommunekommisjonen skal foreslå endringer i statens styring av kommunesektoren. Et av forslagene er å avvikle 22 øremerkede tilskudd og heller legge midlene inn i kommunesektorens rammetilskudd.
Bok og bibliotek 27.05.2026
Redaktør Eg såg mykje stygt under BIBSYS-konferansen 2026. Eg blei rett og slett litt sjokkert. Eg trudde ærleg tala at bibliotekarar visste betre.
Bok og bibliotek 27.05.2026
redaktør i bok & bibliotek No og då er det ekstra fint å ha minne frå barndomen om ei mor som song Ivar Aasen på kjøkenet: «Til Lags aat alle kann
Bok og bibliotek 27.05.2026
Det trenger det ikke å være. Skolebibliotek må ikke sultefôres. Det finnes de som ligner på folkebiblioteket i en mellomstor kommune. Besøker skolebiblioteket hver uke
Bok og bibliotek 27.05.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt