AddToAny

Vegen mot større tillit

world library and information congress 2025 i astana, kasakhstan Intervju med toppleiinga i The International Federation of Library Associations and
... Institutions (IFLA) Norge og Samoa, Nord-Korea og Russland - IFLA vil bygga ein heim for alle, fortel president dei siste to åra Vicki McDonald og sittande generalsekretær Sharon Memis. Bok & bibliotek møtte dei under WLIC25 i Astana til ein samtale om diplomati, verdiar, ytringsfridom og Ukraina sitt krav om utestenging av den russiske bibliotekforeininga. Etter fleire år med skrantande helse er IFLA på betringas veg. To år med Vicki McDonald som president og Sharon Memis som generalsekretær ser ut til å ha vore god medisin.
For småskral i skrotten har organisasjonen jammen meg vore. Først måtte generalsekretæren Gerald Leitner gå av i 2022, i unåde, men med ein solid fallskjerm. Dette var siste kapittel i ein prosess der styret brukte lang tid på å opna øyro for vitnemåla til over 20 tidlegare tilsette som varsla om Leitner sin trakasserande leiarstil. 20 tidlegare tilsette i ein organisasjon som i dag har 19 tilsette i administrasjonen der, altså.
Mykje rundt denne konflikten er framleis ikkje kjent. Biblioteksbladet har ved fleire høve freista å få Leitner i tale, men utan hell. Men før han forsvann i bibliotekhistorias mørke, fann han i 2023 tid til å skriva ein intern e-post til kollegar i IFLA om at «falske nyhende, bakvasking og hatefulle ytringar sirkulerer», og at han nektar for alle skuldingar om svindel og trakassering. Ja, og så dukka han på eit vis opp på IFLA si generalforsamling i Astana, Kasakhstan onsdag 20. august i år. I økonomigjennomgangen kom det fram at føderasjonen gjekk med 373 000 euro i underskot, eller tett på 4,4 millionar norske kroner, mellom anna grunna «costs with a former employee».
Ein annan grunn til underskotet var bruduljane rundt fjorårets verdskongress. For ikkje før var Leitner ute av døra, så bestemte styret i IFLA at WLIC 2024 skulle avhaldast i Dubai - eit land med lovar som mellom anna forbyr homofili. Det skulle gå bra, forsikra styresmaktene. Alle kunne koma og snakka om kva dei ville, sa dei - først. Men så la dei til ein klausul om at LHBTQ+- tematikk ikkje kunne nemnast i programmet. IFLA-styret godtok dette. Men etter protestar frå medlemsmassen blei Dubai-møtet til slutt avlyst. I og med at det var for kort tid til å bestemma ny plassering, blei det ikkje WLIC i fjor, og heller ingen inntekter frå konferansen.

Har kome langt i læking
Som høvesvis president og generalsekretær har Vicki McDonald og Sharon Memis dei to siste åra hatt ansvar for behandlingsregimet til organisasjonen, ikkje minst gjennom den pågåande IFLA Governance Structure Health Check - ein prosess med reorganisering og tillitsbyggande tiltak for meir oversikt og openheit. Helsesjekken skal fullførast i februar 2026. Og stemninga i Astana vitna om ein organisasjon som på kort tid er komen lang i læking. Vi brukar dette som utgangspunkt for v�
Gå til mediet

Flere saker fra Bok og bibliotek

Det sier Soraya Hariyani Putri. Hun er bibliotekar i Indonesia, et land der LHBTQ+ fortsatt er tabu. Hvordan påvirker religiøse og sosiale normer tilgangen på litteratur og informasjon? Blir spor av skeive liv bevart, eller blir de tiet i hjel som følge av selvsensur og andre mekanismer?
Bok og bibliotek 24.09.2025
Det meste av innhaldet på nettsida og i podkasten vår kjem ikkje i papirutgåva. Her er nokre smakebitar.
Bok og bibliotek 24.09.2025
DE SKULLE BARE VISST ...
Bok og bibliotek 24.09.2025
Odin Nøsen er rådgiver for skole i Randaberg kommune og har jobbet med IKT knyttet til undervisning i en årrekke. Han supplerer gjerne Erik Henz Kjeldsens skeptiske perspektiv.
Bok og bibliotek 24.09.2025
Hvilken rolle spiller biblioteket for de voldsherjede innbyggerne i Gaza? Og når krigen raser der, hva betyr biblioteket her hjemme?
Bok og bibliotek 24.09.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt