AddToAny

Det digitale presset

Nav dyttar ofte folk mot digitale kanalar, sjølv når det er openbert at dei ikkje greier å bruke dei. Det seier forskar Sara Hofmann, som heller kaldt vatn i blodet på teknologioptimistane.
- Inntrykket vårt er at det er mykje teknologioptimisme rundt offentlege tenester, seier Sara Hofmann.
- I mange år har alle sagt at digitalisering kjem til å løyse alle problem. Men ser vi nærare på det, er det mange ting som ikkje fungerer som planlagt. Det kjem til syne i forsking, men også i samtalar vi har hatt. Så vi kom til temaet frå dette kritiske perspektivet.
Digitaliser alt! Hofmann har lenge arbeidd med korleis og gjennom kva kanalar kommunikasjon mellom innbyggjarar og det offentlege går føre seg. Ein dag sat nokre tilsette i Nav i salen medan ho presenterte forskinga si.
- Dei var interesserte i det eg hadde å seie, og då vart ideen til prosjektet fødd, fortel ho.
Nav utlyser jamleg forskingsmidlar til forskarinitierte prosjekt. Hofmann og kollegaene søkte og fekk pengar til å sjå på kva for sosiale tenester frå Nav som er best eigna for digitalisering, sett frå innbyggjarane sitt perspektiv.
Ifølgje Hofmann hadde Nav i utgangspunktet ein plan om at alt som kunne digitaliserast, skulle digitaliserast. Det har vore, og er framleis, den dominerande tankegangen i både offentlege og private verksemder.
- Det er den same tanken som Noregs nasjonale digitaliseringsstrategi er bygd på, seier ho.
Grunngjevinga er at digitalisering skal gje betre og meir effektive tenester, betre utnytting av ressursane, og produktivitetsauke over heile fjøla.
- Men etter kvart har Nav gått litt vekk frå denne planen, nettopp fordi dei opplevde at det ikkje fungerte. No har dei ein strategi som seier at alle innbyggjarar skal bruke den kommunikasjonskanalen dei føretrekkjer. I praksis er det likevel ofte slik at Nav dyttar folk mot digitale kanalar, sjølv når det er openbert at dei ikkje greier å bruke dei, seier Hofmann.
Mange hindringar
Med utgangspunkt i erfaringane Nav har med digitalisering, valde
Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Education Internationals 10. verdenskongress ble avholdt 26. juli - 2. august i Buenos Aires.
Forskerforum 02.09.2024
Forskerforum 02.09.2024
Vi ønsker velkommen til vårt tradisjonsrike forskningspolitiske seminar, som i år arrangeres tirsdag 5. november på Hotel Bristol i Oslo.
Forskerforum 02.09.2024
Kommersiell gruvedrift til havs kan bli en ny næring. Kritikerne mener vi har forsket for lite på økosystemene i dyphavet.
Forskerforum 02.09.2024
• er landets største og ledende fag- og interesseorganisasjon for ansatte i forskning, høyere utdanning og kunnskapsformidling.
Forskerforum 02.09.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt