Norsk Skogbruk
24.05.2024
Potensialet for å bygge opp mykje større tilvekst, volum og karbonlager i norsk granskog er utvilsamt til stades, men då må ein satse på snauhogst, planting med godt plantemateriale, og rett ungskogpleie til rett tid.
I to artiklar vil eg presentere resultat frå eit langsiktig feltforsøk i Øyer kommune, Innlandet. I artiklane tek eg opp resultat frå produksjonsmålingar, inkludert utrekningar av karbonbinding, deretter ein om stokkutfall og verdiproduksjon frå hogsten våren 2023.
BAKGRUNN
I 1984 la NISK (NIBIO) og skogetaten i Oppland ut eit tynningsforsøk i eit 22 år gamalt plantefelt av gran på garden Tande i Øyer. Feltet vart sluttavvirka våren 2023. Produksjonen har vore svært høg og fortel mykje om kva me kan oppnå av produksjon i einsaldra skog på god mark.
Feltet vart planta med 2/2 barrot-planter i 1962 på mark som tidlegare hadde vore byggåker/eng. Feltet ligg i ei søraustvendt lid med god vasstilgang, 525 meter over havet. Skogetaten i Oppland arrangerte skogdag der etter revisjonen i 2018. Då var overhøgda over 25 meter og ståande volum var 1123 m3 per hektar i utynna rute. Der var ein del vindfall i ei tynna rute og dermed fare for at vindfellinga kunne tiltaka. Skogeigar Østen Tande var likevel viljug til å overhalda feltet i nokre år for å få sjå korleis det utvikla seg. Hausten 2022 reviderte NBIO feltet for siste gong. Kalstad Maskin stod for hogsten og tok ekstraarbeidet med å hogge kvar forsøksrute for å få stokkutfall frå kvar rute. I denne bratte lia var ikkje det ei lett oppgåve, men hoggaren, Kenneth Nyhus frå Gausdal, løyste den på framifrå vis.
Gå til medietBAKGRUNN