Bondebladet
14.12.2023
Styret i Uskedalen Bondelag
IFØLGJE SSB stod jordbrukssektoren for 9,5 prosent av Noreg sine totale utslepp av klimagassar i 2022. Samla står Noregs innlandsutslepp for cirka 0,1 prosent av dei samla klimagassutsleppa i verda. Så alt vi sleppe ut i Noreg, utgjer berre 1 promille av samla utslepp i verda.
Dette er interessant og blir aldri nemnt. Våre totale utslepp utgjer berre ein dråpe i havet, same kva vi gjer. Likevel så skal vi setja himmel og jord i bevegelse for å redde verda. Det er ikkje ein gong konsensus blant forskarane om kor mykje av klimaendringane som er menneskeskapt og kor mykje som er naturlege variasjonar.
AT EIN del av det vi ser, skuldast den industrialiserte verdas utvikling og privatforbruket i dei same landa, over lang tid, kan det vel ikkje vera tvil om. Vi treng ikkje vera forskarar for å sjå det. Ta for eksempel flyreiser som er ein av verstingane i verda.
Før koronaen var det noko som heite flyskam. Etter koronaen er det gløymt, og det har aldri vore så mange fly i lufta samtidig i verda som i år. Og Kari og Ola Normann toppar den lista, seiest det.
Det er i alle fall ikkje norske bønder som har moglegheit til det. Vi må nøya oss med å sjå cruiseskipa segla inn og ut fjor
Gå til medietDette er interessant og blir aldri nemnt. Våre totale utslepp utgjer berre ein dråpe i havet, same kva vi gjer. Likevel så skal vi setja himmel og jord i bevegelse for å redde verda. Det er ikkje ein gong konsensus blant forskarane om kor mykje av klimaendringane som er menneskeskapt og kor mykje som er naturlege variasjonar.