AddToAny

Vil ha økonomisk støtte til samvirka på agendaen

Eigarane sine forventningar er eit av problema til Nortura, meiner Nils T. Bjørke. Dei forventar at Nortura skal vere betre enn alle andre, og dei slost for anlegg Nortura vil leggje ned - som han sjølv har gjort.
Nils T. Bjørke var styreleiar i Norges Bondelag i 2009-2014. Han har også vore tillitsvalt i Nortura, og sit i dag på Stortinget for Senterpartiet.
Han trur det er fleire årsaker til at Nortura slit økonomisk.
- Nortura er bonden sitt. Det skaper stor forventning om personleg service. Når det er mitt, skal det vere litt betre enn alle andre. Og det er mange flinke konkurrentar, som Nortura har vore nøydd å tilpasse seg. Dei har større moglegheit til å plukke kundar som dei vil gi ekstra service. Nortura skal prøve å behandle alle likt. Samtidig føler ein del store produsentar at skal dei få kvardagen til å gå opp, treng dei litt ekstra service. Og så byter dei selskap. Då må Nortura springe litt bak, men dei må endre seg for alle leverandørane, og det kostar, seier Bjørke.

- Feil val
Han tek også opp at dei gav opp eigendistribusjon. I 2007 tok Asko, eigd av Norgesgruppen, over all distribusjon av Gildeprodukt.
- Det gjer nok at Nortura har blitt veldig avhengig av kundane sine. Det har nok også ført til press i økonomien, der dei nesten blir diktert, seier Bjørke.
Politikaren, som sjølv var kontaktutvalsleiar i Nortura i perioden 2006-2008, meinte det var feil val.
- Eg var bekymra for at Nortura, ved å gi frå seg distribusjonen, ville miste makt. Det har ettertida vist at dei gjorde. Men ein veit ikkje kva motsvaret frå dei andre hadde vore, om dei ikkje hadde fått overteke distribusjonen. Om dei då hadde pressa enno hardare, reflekterer han.

Kjempa for Granvin
Bjørke stiller også spørsmål ved om Nortura burde teke strukturgrep tidlegare.
- Samstundes trur eg ikkje det hadde vore aksept i selskapet for å redusere talet på anlegg tidlegare. Eg har sjølv slost for eit anlegg lokalt. Det trur eg dei fleste bønder har gjort, seier han.
- Bønder er opptatt av at sambygdingane våre skal ha arbeidsplassar. I tillegg er det noko eige med slakteri, fordi det er transport av dyr, seier Bjørke.
- Tine har nok vore kjappare med å legge ned anlegg. Det er skilnad på å sende mjølk og levande dyr. Sånn sett har det vore enklare for Tine å tilpasse strukturen, trur han.
Ein annan skilnad for mjølk er kvotar og forholdstal.
Bjørke trur ubalanse i marknaden kostar Nortura meir enn ein trur.
- Eg er ikkje i tvil om at slik systemet fungerer i dag, rammar marknadsubalanse
Gå til mediet

Flere saker fra Bondebladet

Når familien utvides og man skal kombinere småbarnsliv med gårdsarbeid, er det ikke til å unngå at barna av og til må være med på jobb.
Bondebladet 13.11.2025
Nå begynner det å nærme seg Gartnerhallens årskonferanse GRØNT 2025, 3.-4. desember! Godt over 300 har allerede meldt seg på. Påmeldingsfrist: 15. november.
Bondebladet 13.11.2025
En gårdsoverdragelse i familien består ofte av tre elementer. Overdragelse av drift, bolig og eiendom. Men disse overdragelsene må ikke skje samtidig.
Bondebladet 13.11.2025
Bondebladet 13.11.2025
Statsminister Jonas Gahr Støre blir advart mot å innføre klimaavgift på gjødsel. – At vi lager den, er bokstavelig talt livsviktig, sier Svein Tore Holtsether i Yara.
Bondebladet 13.11.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt