Bondebladet
16.11.2023
Vidar Helland (31) driv med oppal av oksar på Nyborg i Åsane. Den travle trafikken til og frå Åsane og Bergen sentrum gjer at trafikktryggleik står høgt på dagsordenen hos kjøttfebonden.
Nyborg er eit bustad- og næringsområde i Åsane bydel i Bergen. Store bedrifter som Ikea, Gullgruven senter og Åsane storsenter er ikkje langt unna, og tett på garden hans er det ein jamn straum av bilar frå morgon til seine kveld.
Vidar Helland slår 13 bruk i alt, med smått og stort, og må ofte ut på Europaveg 16 med traktor og reiskap.
- Vi har veldig fokus på køyring og tryggleik her, fordi vi ofte må krysse eller køyre langs E16. Rundballepressa er den breiaste av alt utstyret, men alt vi held på med av utstyr, er breitt, og det er tett med trafikk inn til Åsane og Bergen sentrum, seier Vidar.
Nyttig med fagkveldar
Storfebonden meiner Norsk Landbruksrådgiving Vest har gjort ein svært bra jobb med traktorkøyring og tryggleik. NLR Vest har arrangert fagkveldar kor reglar, lastsikring, HMS, sikker køyring med meir har vore på dagsordenen.
- Eg har fleire ungdommar som hjelper til på garden, og vi er ein fin gjeng i området her. Ungdommane skal ha dokumentert opplæring på alt utstyr og køyring dei er med på, og vi tar dette på alvor. Det kan fort skje ulykker, og vi må alltid tenke tryggleik, seier han.
Gå til medietVidar Helland slår 13 bruk i alt, med smått og stort, og må ofte ut på Europaveg 16 med traktor og reiskap.