AddToAny

Plutseleg vart Jan Erik Nortura-leiar

Han har ikkje drøymt om å bli verken bonde eller leiar. No har han 300 storfe og er styreleiar i milliardkonsernet Nortura. Møt Jan Erik Fløtre.
Om det kom brått på deg at Jan Erik Fløtre vart leiar i Nortura, så var du ikkje aleine. Det kom brått på han sjølv, også.
Så brått at det første spørsmålet Bondebladet stiller han i stova hans mellom fjella i Byrkjelo, rett og slett er om det er ein jobb han har lyst på.
- Nei, det har eg ikkje tenkt så mykje på. Dette vart fort og brutalt, innrømmer han.

Skrekkblanda fryd
Tysdag 29. august kom nyheita om at Trine Hasvang Vaag trakk seg som styreleiar i Nortura med umiddelbar verknad. Årsaka var at ho hadde stilt mistillitsforslag mot konsernsjef Anne Marit Panengstuen. Grunngjevinga var mellom anna manglande informasjon og mangelfullt beslutningsgrunnlag.
Samtlege av dei andre i styret stemte mot mistillitsforslaget. Dermed gjekk Hasvang Vaag av.
- Då ho trakk seg, skjønte eg konsekvensen av at eg var nestleiar. Det var litt skrekkblanda fryd. Alvoret over det. Folk seier at ein må puste med magen, og ta det med ro. Slik vart det, eg var nestleiar. Det var ikkje dette som var planen i det heile, fortel Fløtre no.
- Då du vart vald som nestleiar, hadde du i det heile tatt tenkt tanken at du kunne ende som styreleiar, om noko skjedde?
- Nei, eigentleg ikkje. Nestleiar hadde eg heller ingen planar om å bli. Det var noko som kom til undervegs, fortel han.

Ballen rulla
Desse orda kan også vere ein passande beskriving på korleis han vart bonde.
Jan Erik Fløtre vaks opp på garden i Byrkjelo i Nordfjord. Men han har ikkje «alltid visst» at han skulle bli bonde sjølv.
Etter vidaregåande reiste han i militæret. Deretter jobba han som avløyser eit år, før han vart sjåfør. Han og kona Viviann budde på den tid i nabokommunen Stryn. Kona sa frå at dersom dei skulle flytte til Byrkjelo, skulle dei gjere det før yngstedottera begynte på skulen.
- Det vart bestemt at vi skulle flytte heim igjen og byggje hus. Det vart eigentleg berre slik. Viss eg går tilbake til då eg slutta på vidaregåande, var det ingen plan, eigentleg, erkjenner Fløtre.
I 2001 tok han over garden. I 2011 vart han tillitsvalt i Nortura.
- Og så har den ballen berre balla på seg, seier han.
I 2017 kom han inn i styret i Nortura, og i 2021 vart han nestleiar.
Og no er han jammen leiar, også. Ballen har rulla heilt til topps.

For langt borte
- Du er ein bonde frå Byrkjelo med berre vidaregåande skule, som no leiar eit milliardkonsern som slit. Korleis følast det?
- Eg er kjempeglad for at vi er eit godt styre med mykje ulike folk og kvalitetar. Det er ei vanskeleg oppgåve. Styret er heilt avhengig av ein veldig god administrasjon, seier Fløtre.
Styreleiaren forsikrar om at han har full tillit til konsernsjefen.
- Kva har vore den vanskelegaste saka du har sete i styret og avgjort?
- Kyllingsaka var ei tøff avgjersle
Gå til mediet

Flere saker fra Bondebladet

Når familien utvides og man skal kombinere småbarnsliv med gårdsarbeid, er det ikke til å unngå at barna av og til må være med på jobb.
Bondebladet 13.11.2025
Nå begynner det å nærme seg Gartnerhallens årskonferanse GRØNT 2025, 3.-4. desember! Godt over 300 har allerede meldt seg på. Påmeldingsfrist: 15. november.
Bondebladet 13.11.2025
En gårdsoverdragelse i familien består ofte av tre elementer. Overdragelse av drift, bolig og eiendom. Men disse overdragelsene må ikke skje samtidig.
Bondebladet 13.11.2025
Bondebladet 13.11.2025
Statsminister Jonas Gahr Støre blir advart mot å innføre klimaavgift på gjødsel. – At vi lager den, er bokstavelig talt livsviktig, sier Svein Tore Holtsether i Yara.
Bondebladet 13.11.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt