Bondebladet
19.10.2023
- Vi måtte berre køyre på, seier den unge storbonden i Gloppen. Nøyaktig eitt år etter fjøsbrannen er den nye snart klar for opning.
- Dei to eldre søskena mine sa frå seg odelen, så då vart det eg som førte garden vidare, smiler Anders Gåsemyr medan han ser utover det som skal bli tunet utanfor den nye fjøsen.
Om alt går etter planen, skal han ta fjøsen i bruk i byrjinga av november.
Gåsemyr er kledd i arbeidstøy og verneutstyr, for han har vore oppe og jobba i mange timar allereie, sjølv om klokka berre er kvart over ti. Vi står utanfor fjøsen og ser til Byrkjelo mot nord, fem minutt unna med bil. Bak oss tronar Eggjenibba over sørsida av fjøsen.
Han er fødd og oppvaksen på garden og har jobba fulltid som bonde sidan 2020. Før det kombinerte han gardsarbeid med å jobbe som maskinførar. Garden driv både kjøt- og mjølkeproduksjon.
Det inneber ein del arbeid, fortel han.
- Eg jobbar ofte lange dagar, nokre gonger 12 timar for dagen. Det er mykje å gjere, smiler han.
Han fortel at arbeidet he
Gå til medietOm alt går etter planen, skal han ta fjøsen i bruk i byrjinga av november.