Les kunngjeringa om Dubai som vertsby for WLIC 2024 her
Undertrykt sivilsamfunn
- Det finst veldig mange andre land som driv med spanande bibliotekutvikling, men som ikkje har like store demokratiutfordringar, uttalar leiar Vidar Lund i Norsk bibliotekforening til Bok & bibliotek.
Emirata kjøper seg til ein image som ikkje stemmer med røynda, meiner han.
- IFLA-seksjonen som jobbar med LHBT-tematikk kan truleg ikkje ha sitt arrangement til neste år, og sånn kan det ikkje vera.
Sex mellom personer av same kjønn er forbudt i Emirata. I Dubai, som etter planen skal husa IFLA World Library and Information Congress 2024 (WLIC), kan personer bli dømde til fengselsstraff for dette. Kriminaliseringa av homofili betyr også at homofile og lesbiske personar har lite beskyttelse mot hatvald, fordi dei sjølve risikerer å bli straffa eller utsett for overgrep om dei melder slike hendingar, skriv Amnesty på nettsida si.