AddToAny

- Sakleg og nådelaus debatt

- Sakleg og nådelaus debatt
- Debatten har vore slik ein kan forvente ved eit universitet, meiner NMBU-professor. Andre tek ikkje sjansen på å tone flagg. Korleis er debattkulturen kring stridsspørsmål ved universitet og høgskular?
I førre nummer omtalte Forskerforum korleis debatten om omorganisering ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har arta seg. NMBU-rektor Mari Sundli Tveit trudde eit tøft debattklima er grunnen til at så mange tilsette er resignerte etter kampen. Dekan Anne Storset ved NMBU seier:

- Mange føler at debattklimaet på Ås skil seg ut frå det vi er vane med her på Adamstuen. Det har nok også ført til at folk ikkje ønskjer å engasjere seg, i alle fall ikkje i debatten på den interne debattsida til NMBU, fordi ein ønskjer å ta avstand frå kulturen som råder der.

Storset var tidlegare instituttleiar ved Noregs Veterinærhøgskole på Adamstuen i Oslo, som i dag er del av NMBU.

Utilslørt debatt

Professor Birger Svihus ved NMBU er ikkje einig:

- Etter mitt syn har diskusjonane i det store og heile vore disiplinerte og saklege, med fokus på sak og ikkje person. Diskusjonen har rett nok vore nådelaust utilslørt, frittalande og med lite vektlegging av å vere politisk korrekt eller diplomatisk. Men dette er jo akkurat slik ein kan og bør forvente av diskusjonen ved eit universitet.

Svihus meiner kritikken av diskusjonskulturen er ein indikasjon på den aukande avstanden mellom leiinga og det akademiske miljøet.

- Eg las med forundring rektors analyse av årsaka til resignasjonen ved NMBU. Det kan verke som om rektor ikkje forstår kor stor frustrasjon den lange rekka av vedtak på tvers av ønska til eit fleirtal av dei tilsette, har ført til. I så fall illustrerer dette årsaka til resignasjonen: at leiinga i for stor grad ignorerer dei tilsette.

Dekan Storset seier at gamle UMB på Ås og Noregs Veterinærhøgskole har hatt svært ulik debattkultur.

- På Ås har dei tilsette vore svært opptekne av å kunne ytre seg fritt, medan vi har hatt ein kultur der ein tenker seg om før ein karakteriserer andre. Eg har mange gonger vore ueinig i debattinnlegg, men eg har tenkt at det ikkje er spesielt lurt å melde seg på. I staden for at ein slår kvarandre i hovudet burde debatten bli meir konstruktiv.

Storset presiserer at ho ikkje ønskjer ein tannlaus debatt.

- Eg meiner ikkje at folk skal bli lydige eller finne seg i alt. Men vi har jo nyleg sett debatten i presidentvalkampen i USA, og eg trur ikkje det er bra for folk å seie altfor stygge ting om kvarandre.

Ikkje lett å tvile

Dei siste vekene har også debattklimaet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) vore diskutert i media. Ifølgje seniorrådgjevar Georg Arnestad ved HiSF var det ikkje lett å seie at ein tvilte på eller støtta ein fusjon då spørsmålet kom opp for to år sidan. I eit innlegg i nettavisa Khrono skreiv Arnestad at tvilarane måtte bruke innestemme når dei snakka om tvilen. Fleire ved høgskulen har reagert på utspelet og på debatten som følgde, der utspelet er brukt som døme på at det står dårleg til med ytringsfridomen i akademia. I eit felles debattinnlegg i Khrono skriv dei tillitsvalde for organisasjonane ved HiSF at ein kan få inntrykk av at HiSF er prega av låg takhøgd og mangel på meiningsbryting, noko dei meiner stemmer dårleg med det som er den gjengse oppfatninga ved høgskulen.

Hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved HiSF Hege Gjerde Sviggum seier at dei tillitsvalde ikkje kjenner seg att i biletet som er skapt i media.

- Som hovudtillitsvald har eg aldri blitt kontakta av medlemmer som meiner dei ikkje kan ytre seg fritt i debatten. Eg trur dei tilsette jamt over opplever at HiSF har ein god kultur for meiningsbryting, seier Sviggum.

Ved Universitetet i Agder var det for nokre år sidan heftig motstand mot fusjon med Høgskolen i Telemark. Tidlegare rektor - og fusjonstilhengar - Torunn Lauvdal seier at mange ikkje torde å uttale seg:

- Eg opplevde fleire gonger at folk kom bort til meg og sa at dei støtta fusjonen, men dei våga ikkje seie noko, fordi det ville bli så mykje styr. Eg kan forstå det, for i nokre av fagmiljøa var det så aggressiv motstand at det nok var vanskeleg å hevde det motsette synet.

Ho presiserer at dette ikkje handlar om retten til å ytre seg.

- Det vi snakkar om her, er debatten som oppstår i sosiale grupper. Når opinionen blir ekstremt sterk, kan det vere vanskeleg for andre å gå imot.

- Diskusjonane ved NMBU har vore nådelaust utilslørte, men også saklege, meiner Birger Svihus. Her frå demonstrasjonen mot innføring av tilsett rektor ved NMBU. Foto: Åsmund Løvdal

- Eg trur ikkje det er bra for folk å seie altfor stygge ting om kvarandre, seier Anne Storset. Foto: Håkon Sparre

- Høgskulen i Sogn og Fjordane har ein god kultur for meiningsbryting, seier Hege Gjerde Sviggum. Foto: Ingebjørg Vikesland

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt