Forskerforum
28.11.2016
Forskerforums dekning av motsetningane mellom forskarar og næring er ubalansert, skriv Bjarte Bogstad ved Havforskingsinstituttet.
FORSKING OG RÅDGJEVING: I nr. 7-9 av Forskerforum har Havforskingsinstituttet (HI) og vår forsking som grunnlag for rådgjeving blitt mykje omtalt. Som leiar av lokallaget til Forskerforbundet og som forskar med lang bakgrunn i rådgjeving ønsker eg å kome med nokre kommentarar. For det første synest eg dekninga av motsetningane mellom forskarane våre og næringa på nokre punkt er vindskeiv og ubalansert, og for det andre har Forskerforum ikkje gitt lesarane sine den nødvendige bakgrunnen om det landskapet vi som driv med forskingsbasert rådgjeving om ressursforvalting, ferdast i til dagleg. Det er trass alt eit lite mindretal av medlemsmassen som jobbar i dette krevjande, men spennande feltet.
Det eg først og fremst reagerer på når det gjeld framstillinga i Forskerforum, er mangelen på kritiske spørsmål til rollene og bakgrunnen til dei forskarane som blir løna av ulike næringsinteresser, både når det gjeld laks og sild. Dessutan kan ein lett få inntrykk av at organisasjonar som Pelagisk Dugnad representerer heile sildenæringa, det er på ingen måte tilfelle. Når det gjeld sildebes
Gå til medietDet eg først og fremst reagerer på når det gjeld framstillinga i Forskerforum, er mangelen på kritiske spørsmål til rollene og bakgrunnen til dei forskarane som blir løna av ulike næringsinteresser, både når det gjeld laks og sild. Dessutan kan ein lett få inntrykk av at organisasjonar som Pelagisk Dugnad representerer heile sildenæringa, det er på ingen måte tilfelle. Når det gjeld sildebes


































































































