Traktor
16.02.2023
Tolv dødsulukker med traktor, femten omkomne. 2022 er det verste året sidan 2008. Andelen dødsulukker med traktor i trafikken har aldri tidlegare vore større.
- Det har vore seks ulukker med totalt ni omkomne, der ein annan part i trafikken er involvert. I tillegg kjem to åleineulukker i trafikken og fire ulukker utanfor veg. Det vi nemner her, er berre dødsulukkene, fortel Jogeir Agjeld i Norsk Landbruksrådgiving.
Han fører statistikk over alle dødsulukker der traktor er involvert, eit arbeid han starta med i 2008. (Den gongen som journalist i bladet Bedre Gardsdrift.) Gjennom desse åra har det totalt vore 87 ulukker, med 91 omkomne.
- 2008 var eit dystert år, med i alt 16 ulukker. Etter det har utviklinga gått rette vegen. Først fleire år med kring seks dødsulukker årleg. Frå 2019 til 2021 hadde vi tre til fire dødsulukker med traktor kvart år. Det er


































































































