AddToAny

- Excellence -jaget gjer det freistande å fuske

- Excellence -jaget gjer det freistande å fuske
Likevel må vi satse på nokre få, sterke miljø, meiner Nils Chr. Stenseth. - Det er bra å satse på nokre få, sterke miljø for å kome over den kritiske massen som trengst for å etablere eit godt forskingsmiljø lokalt.
Å kunne teste idear med kollegaer over ein kaffikopp eller på eit lokalt seminar er veldig viktig, seier Nils Chr. Stenseth, professor i biovitskap ved Universitetet i Oslo og leiar for Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis (CEES). CEES er eitt av dei norske sentera for framifrå forsking (SFF).

Er samde om toppforsking

Forskerforum skreiv i førre nummer at retorikken kring excellence i forsking møter kritikk internasjonalt. Konkurransen om å bli mellom dei beste, skapar insentiv til å fuske, og det finst heller inga semje om kva framifrå forsking eigentleg er, meiner kritikarane. Det siste er ikkje Stenseth samd i.

- Stort sett er eg og kollegaene mine samde om kva som utgjer toppforsking innan mitt felt. Det er den ein finn i dei beste fagfellevurderte tidsskrifta, seier han.

Talent er spreidd jamt utover, men 'excellence' er det ikkje.

Han presiserer at det sjølvsagt også blir publisert dårleg forsking i topp-tidsskrifta. Men tidsskrifta hjelper ein å orientere seg i mengda av artiklar.

- Eg er berre i stand til å vurdere forsking innanfor eit lite felt, men eg har meir tiltru til dei største tidsskrifta. Rett nok kan eg då gå glipp av gode arbeid som er publiserte andre stader, og det er sant at nybrottsarbeid ofte ikkje får gjennomslag før det har gått ei tid. Forsking er eit konserverande system. Men ein artikkel finn nesten alltid ein publiseringskanal, slik at arbeidet vil bli fanga opp.

Fryktar for universiteta

- Eg meiner nok at problemet med forskingskvalitet i Noreg handlar mest om faren for at universiteta får ei svekt rolle og får for lite ressursar, seier professor Trygve Wyller ved Det teologiske fakultetet ved UiO.

Wyller var motkandidat til Ole Petter Ottersen ved rektorvalet i 2009. Då argumenterte han for at ressursane ved UiO måtte fordelast slik at alle forskarane kunne sikrast gode arbeidsvilkår, i staden for å konsentrere ressursar kring nokre få toppmiljø. Mykje av kritikken mot excellence -retorikken vekker minne frå den gongen, men han meiner ein debatt om excellence i Noreg må ta omsyn til strukturen i det norske forskingslandskapet.

- Etter kvart som norske forskarar no skal søke meir pengar frå EU, kan kanskje fleire miljø sikre seg store summar slik at dei kan hevde seg på eit internasjonalt nivå. Men eg meiner framleis at dei smartaste ideane og publikasjonane ikkje alltid kjem frå slike prosjekt, seier han.

Miljøet avgjer

Wyller trur at å konsentrere ressursar om store toppforskingssenter ikkje gjev dei beste vilkåra for fagleg fornying.

- Toppforskingssentra får jo pengane sine som resultat av fagfellevurdering frå tilsvarande forskarar, så dei representerer dei beste mellom dei etablerte. Men eg trur at dei som verkeleg tenkjer nytt, gjer det fordi dei har arbeidsro til det, på same tid som dei er tvinga til å møte tankane i det intellektuelle miljøet dei er ein del av. Og den typen miljø trur eg ein finn ved universiteta.

Stenseth er samd i at miljøet er avgjerande for kor god forsking ein kan produsere. Nettopp difor meiner han det er viktig at dei beste blir satsa spesielt på.

- Talent er spreidd jamt utover, men excellence er det ikkje. Det er noko ein må lære. Vi prøver jo å løyse ting som i utgangspunktet er vanskelege og kanskje uløyselege, av og til veit vi ikkje eingong kva spørsmålet er. Som leiar for eit SFF ser eg ein skilnad mellom våre studentar og dei som høyrer til andre stader. Det har ingenting med talent å gjere, men med om ein er del av eit miljø som framelskar evna til å takle faglege problemstillingar.

Fusk eit reelt problem

Stenseth gjev derimot kritikarane rett i at excellence -jaget og publiseringspresset kan gjere det freistande å fuske.

- Ja, det er eit heilt reelt problem, og dessverre ofte vanskeleg å oppdage. Det gjer meg av og til nervøs, for det er heilt avgjerande at forskarar kan lite på kvarandre. Blir den tilliten broten, kan mykje skje. Men igjen trur eg at dersom ein har ein lokal kultur for å teste argumenta sine mot kvarandre, så kan det redusere risikoen for fusk, seier han.

TFI Helsinki 2012/NordForsk: Nils Chr. Stenseth, Professor, University of OSlo and leader of Nordic Centre of Excellence NorMER

- Norske toppforskingsmiljø er viktige for å utvikle forskartalent, seier Nils Chr. Stenseth. Foto: Nordforsk/Terje Heiestad

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt