Traktor
04.11.2016
Aase Landbruk ser framover. Forhandlarar: Martin Aase og Kjell Martin Aase ser lyst på framtida for Aase Landbruk, og håpar å rekruttere fleire McCormick-forhandlarar rundt om i landet.
Foto: Dag Idar Jøsang
Les merPå jakt etter McCormick-forhandlarar
Dei som frykta at Aase Landbruk skulle senke trepunkten, slå av tenninga og dra opp handbrekket for siste gong, kan puste letta ut. Sjølv om det kom som ei overrasking at Lena Maskin blei seld til Danish Agro Machinery er importøren med hovudsete i Sandnes klar til å ta opp kampen.
Martin Aase lovar at både gamle og nye kundar vil bli tatt godt vare på. Gamle Lena-forhandlarar vil halde fram å yte service og delar, samstundes som Aase Landbruk har ambisjonar om å knyte til seg forhandlarar fleire stader i landet.
- Kundane skal ikkje vere redde for at Aase Landbruk skal forsvinne eller bli kjøpt opp. Me har ein solid økonomi og er ikkje til sals, s


































































































