forskning.no
31.07.2022
DEBATT: Kvifor ein studie av norske bankkundar har vore på internasjonal reise i sju år
Kva er kvalitetsforsking og kor krevjande er det? Forskarar og kontrollørar barkar saman rundt Norges Forskningsråd, etter at statsråd Ola Borten Moe skifta ut styret for å få meir kontroll. Spørsmålet er likevel, er det kostnadskontroll eller samfunnsutviklande innsiktsproduksjon som skal vera i fokus?
Les merEg vil gi eit eksempel på kor langsiktig og krevjande kvalitetsforsking er, noko som gjer det feil å fokusera på kortsiktig kontroll. Eksempelet gjeld finans, men tilsvarande utfordringar gjeld på alle forskingsfelt.
Ei lang reise
Eg har i vår, saman med to dyktige medforfattarar, Christoph Herpfer og Cornelius Schmidt, fått akseptert ein artikkel i ein svært god journal etter ei reise på meir enn sju år.
Vi studerer kva geografisk avstand mellom bankar og lånekundar betyr, og artikkelen er slik sett eit