AddToAny

Dette er kull 37 ved Nynorsk mediesenter

Fem nye praktikantar er klare til å ta fatt på seks månadar med intensiv journalistopplæring.
Knappe to veker etter at søknadsfristen var ute er kull 37 klart ved NRK Nynorsk mediesenter. Fire jenter og ein gut kom gjennom nålauget denne gongen, skriv mediesenteret i ei pressemelding.

Dei nye praktikantane er Ingrid Nedrebø, Berit Helle Jonsbråten, Sander Eide Aase, Solveig Oddvarsdotter Myren og Sunniva Skurtveit.

- Det var mange gode kandidatar, og vi er trygge på at desse fem er motiverte og har engasjementet som må til for å gjere karriere som nynorskbrukande journalistar, seier leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Rune Fossum Lillesvangstu, i pressemeldinga.

Slik presenterer NRK praktikantane:

Ingrid Nedrebø, fødd 1996, frå Fjaler i Sunnfjord. Denne sommaren leverer ho bacheloroppgåva i musikkvitskap ved NTNU i Trondheim. Ho har vore aktiv i Radio Revolt, og har også vore nestleiar for studentradioen i byen. Gjennom dette vervet har ho og skrive saker for studentavisa Under Dusken. Før ho startar som nynorskpraktikant skal ho ha sommarjobb i avisa Firda. Musikk har vore ein raud tråd gjennom utdanning til no, og ho er også musikalsk leiar i Snaustrinda Spelemannslag. Ho har hatt sommarjobb som organist, vore vararepresentant i Fjaler kommunestyre og styremedlem i Norsk Målungdom.

Berit Helle Jonsbråten, fødd 1996, frå Bryne på Jæren. Ho er nyleg ferdig med masterutdanninga i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen. Der har ho også arbeidd som vitskapleg assistent og drive mykje med både tekst og formidling. Jærbuen har dessutan vore aktiv i studentradioen i Bergen, og ho har erfaring frå jobbar som pleieassistent og butikkmedarbeidar. Ho har alltid vore glad i å skrive, og har eit sterkt engasjement for å få fram dei viktige lokale og mindre historiene, som ikkje alltid får mest plass i media.

Sander Eide Aase, fødd 2003, frå Tørvikbygd i Hardanger. Han har vore tilkallingsvikar i lokalavisa Hardanger Folkeblad sidan han var 15 år. Der har han fått prøve seg på alt frå gravesaker til hendingssaker som må raskt ut på nettet. I tillegg har han røynsle frå ei rekkje verv innan politikken. Han har vore elevrådsleiar, representant på fylkestinget for ungdom, aktiv i ungdomsråd, målungdomen og Senterungdomen. 19-åringen brenn for å bli journalist for å kunne fortelje folk kva som skjer, på ein måte som gjer at alle forstår det. Han har venta på første sjanse til å søkje som nynorskpraktikant, og no ser han fram til å starte opp.

Solveig Oddvarsdotter Myren, fødd 1999, frå Haukedalen i Sunnfjord. Ho arbeider som koordinator og produsent for eit nytt datingprogram i regi av produksjonsselskapet Monster. Samstundes studerer ho prosjektleiing ved Fagskulen Kristiania. Ho har også erfaring frå produksjonsselskapet Rubicon, der ho jobba med «I lomma på Silje» og «Luksusfellen». Etter vidaregåande var ho elev på linja for Radio Live og Podkast ved Danvik Folkehøgskule. Ho har tidlegare vore styremedlem i Norsk Målungdom og skildrar seg sjølv som ein forsvarar av nynorsken. Ho ynskjer å fremje det nynorske skriftspråket og dei norske dialektene.

Sunniva Skurtveit, fødd 1996, frå Os i Hordaland. Ho held på å avslutte lektorutdanninga i samfunnsfag og matematikk ved NTNU i Trondheim, der ho skriv masteroppgåve i sosiologi. Gjennom heile studieløpet har ho brukt nynorsk. Det siste året har ho vore styremedlem og ansvarleg for å planlegge debattar og møter på Studentersamfundet i Trondhjem, og ho har tidlegare også vore aktiv i debattkomiteen same stad. Ho har og røynsle som leirsjef for ein sommarleiar for barn ved Bømlo Folkehøgskule, og ho har vore miljøarbeidar same stad. Ho er fødd i Jondal, og held framleis på dialekta.

Kull 37 startar med opplæringa i Førde 22. august 2022.

Image-text:

Ingrid Nedrebø, Berit Helle Jonsbråten, Sander Eide Aase, Solveig Oddvarsdotter Myren og Sunniva Skurtveit startar med opplæringa i Førde 22. august 2022.

Foto: NRK Nynorsk mediesenter

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt