AddToAny

Disse får fast jobb i NRK Nyheiter

Emilie Waaler, Eirin Tjoflot og Christian Breidlid til direktedesken.
Emilie Waaler (28), Eirin Tjoflot (27) og Christian Breidlid (32) blir ein del av det faste laget på direktedesken i NRK Nyheiter.

Breidlid er tilsett som visuell journalist og skal inn i gruppa som jobbar med visuelle nyheiter til NRKs digitale flater. Waaler og Tjoflot skal fylle rollene som nå-journalistar og skal dekke løpande nyheiter.

Redaksjonssjef i NRK Direkte, Kari Stokke Nilsen, opplyser i ei pressemelding at det var 39 søkjarar til nå-stillingane og 38 søkjarar til stillinga som visuell journalist.

- Vi er glade for å ha sikra oss disse tre sterke kandidatane i ein arbeidsmarknad der det er kamp om talenta. Det viser at NRK er ein attraktiv arbeidsplass, seier Nilsen i pressemeldinga.

Erin Tjoflot er i dag vikar i redaksjonen.

- Ho har på kort tid blitt ein veldig stødig og habil nå-journalist som meistrar dei fleste oppgåver, fortel redaksjonsleiar for nå-journalistikk i NRK Direkte, Simon Solheim.

- Eirin har stor motivasjon og er svolten på å utvikle seg som journalist. Ho er allsidig, trygg og kunnskapsrik, og ho jobbar godt og presist sjølv om arbeidspresset er stort og tempoet høgt

Tjoflot er utdanna lærar, har bakgrunn frå lokalavis og har vore praktikant på NRK Nynorsk mediesenter.

- Eirin er idérik og kreativ og elskar å lære nye ting, seier Solheim.

Emilie Waaler kjem frå stillinga som breakingreporter for TV2.no. Ho har tidlegare arbeidd som vikar i NRK Direkte. Waaler er utdanna journalist og har også bakgrunn frå lokalmedia og Dagbladet.

- Ho er ikkje berre ein god breakingjournalist, for ho har også ei unik evne til å finne unike saker og «snakkiser». Ho har alltid noko på gang på rolege dagar. Emilie er ein som fangar opp trender og kjem over saker som treff både ungt og breitt. Og så elskar ho å vinne push. Dei raske fingrane hennar gjer at vi ofte er først, seier Solheim.

Christian Breidlid blir fast visuell-journalist i digitalreportergruppa. Han skal både jobbe med breaking-journalistikk og eigne idear. Breidlid har mellom anna erfaring frå Dagens Næringsliv, Bergens Tidende, Klassekampen og Aftenposten. I dag er han ein del av dokumentarbyrået Paragon Features.

Breidlid har tidlegare blitt kåra til «Årets nykommer» i både foto- og video-kategoriene under «Årets bilde»-utdelinga.

- Christian er eit fotojournalistisk talent og ein historieforteljar som vi er utroleg glad skal bli ein del av gjengen vår, seier Maria Knoph Vigsnæs som er redaksjonsleiar for visuell-journalistikk i NRK Direkte.

Breidlid er utdanna kunstfotograf og spissa seg deretter inn mot nyheiter med ein bachelor i fotojournalistikk frå Oslo Met.

Image-text:

Eirin Tjoflot, Emilie Waaler og Christian Breidlid skal jobba på direktedesken i NRK.

Foto: NRK og privat

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt