Bondebladet
27.01.2022
Teaterstykket «Bondetinget», sett opp av Vestland teater, skildrar mekanismane i jordbrukspolitikken. Og mekanismane er dei same no som på 1970-talet.
Visst ikkje landbruket sjølv ynskjer å endre mekanismane, og setta seg i førarsetet på endring, så skjer det aldri. Me har to fagorganisasjonar i landbruket, med forhandlingsrett i dei årlege jordbrukstingingane. Eg har vore eitrande forbanna på eigen organisasjon, Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) dei siste åra. NBS har i ei årrekke opptredd som Norges Bondelag (NB) - light. NBS vil noko anna enn NB på mange område, men NBS har gitt etter for press og vore med på endringane som har skjedd.
Gå til medietMe har vore ein aukande mengde medlemmar i NBS siste åra som har stått opp på Landsmøte og sagt at nok er nok.