Det burde vel vere allment erkjent at det ikkje berre er praktisk, men også teoretisk umogeleg å bygge innfartsvegar til dei store byane med kapasitet nok til ta unna all slags biltrafikk. Omkrinsen til byane er ikkje lang nok til å gi plass for all vegbreidda ein då har bruk for, og det er langt frå nok areal til å parkere alle bilane. Byar er heilt avhengige av å ha eit kollektivtransportsystem for å fungere.
I trafikkdebattar blir ofte kollektivtrafikken stilt opp mot privatbilismen. Dei blir sett som konkurrentar. Dette er feil. Dei er komplementære delar av eit samla transportsystem. Når tilhøva for kollektivtrafikken betrar seg, vil og tilhøva for biltrafikken betre seg. Det omvende gjeld ikkje.
Færre avgangar gjer meir kø
Ei vesentleg side ved byen, og kanskje den viktigaste konkurransefordelen byen har i høve til landsbygda, er tilgjenge. Det meste av det sivilisasjonen har å by på kan ein finne i overkommeleg avstand både geografisk, tidsmessig og i pris.
Om vi med reisekostnad tenker på dei totale kostnadene i form av tidsbruk og pengeutlegg for å nå fram til gitte reisemål, er reisekostnaden å sjå på som eit reint tap i høve til dei goda aktøren er ute etter. Den fornuftige reisande vil freiste å gjere reisekostnadene så små som råd. For det samla transportsystemet tyder dette at det vil finnast


































































































