Lars Mytting si skildring av villreinen i romanen «Hekneveven» understrekar det mytiske og den sterke naturopplevinga det kan vera å møte ein reinsflokk. Reinen, Rangifer tarandus, har ein sentral plass i historia vår. Kanskje er den sjølve grunnen til at det først kom folk her, langt mot nord, både samar og indoeuropearar?
Villreinen får oss gjerne til å tenka på fjellheimen, med vidder og snøfonner, med reinlav og steinur. Men dei eldste funna av reinbein er faktisk frå vestlandskysten. Dei stammar frå ein mild periode under siste istid, for rundt 35 000 år sidan, då innlandet var dekt av tjukk bre, medan kysten hadde litt mat å by på. Landskap og klima den gongen likna det vi finn på Svalbard i dag.
Kongen av vinteren
Få dyr er betre tilpassa arktiske forhold enn reinen, og den tronar som vinterkongen blant hjortedyra. Elles er det berre elgen som er godt tilpassa kulde blant hjortedyra våre - hjort og rådyr vil helst ha plus


































































































