Gode og dårlege relasjonar
Samspelet, eller det økologar kallar interaksjonar mellom organismar, har vi funne ein fiffig måte å klassifisera på som og Nei, det har ingenting med matte å gjera, det handlar eigentleg om relasjonar!
Eit pluss-pluss samspel er noko som gir fordel for begge involverte partar, den såkalla mutualismen. For eksempel ei humle som surrar i blomsterenga mi, besøker ein kløverblomst og pollinerer denne. Humla får nektar som næring og sikrar planta eit sexliv som betaling. Begge har glede av samspelet. Eg også!
Minus-pluss samspelet derimot har oftast ein opplagt vinnar. Det er sauen eller hjorten som gneg på ei rogn, bladlusa som syg safta ut av ein rosebusk, eller reven som sluker eit lemen. Dei er, nett som oss menneske, konsumentar som utnyttar ressursar.
Minus-minus samspelet er konkurransen. Når to plantar skal suge vatn eller hente næring frå same del av blomsterenga gir det mindre ressursar til begge. For å unngå konkurranse har artar ofte mange tilpassingar, si eiga nisje.
Støttekontakten
Men det finst