Forskerforum
03.10.2016
Høgre ville ha spissa fagmiljø og ingen nye universitet. Men vi har fått endå breiare universitet, og ein snarveg til universitetsstatus.
Kunnskapsministeren har muligens teke eit lite kvileskjer i samanslåingsløpet når han no brukar tid på Høgres program for komande stortingsperiode. Dei første programutkasta for 2017-2020 har vorte lagt fram. Får vi der frampeik om kva som vil skje i forsking og høgare utdanning dei komande åra? Erfaringane frå strukturprosessen tyder ikkje på det. Resultata har vorte heilt annleis enn det som var føresett i Høgres stortingsvalprogram - og i regjeringserklæringa.
Kvifor det har vorte slik, får vi vonleg forskingsbaserte studiar av i framtida. Men Isaksen vil neppe betale for ei politisk sett så risikabel evaluering, så det blir nok ei oppgåve for den som avløyser han - ein gong i framtida.
Førebels ser det ut til at Høgres valprogram vil bli oppdatert i høve til det som faktisk har vore forskingspolitikken dei siste to-tre åra. Det er mogleg at eit valprogram er tenkt motsett - faktisk å skulle styre politikken - men i strategiprosessen i høgare utdanning ser det ut til å vere omvendt. Det opnar naturlegvis for ville spekulasjonar over kva som faktisk vil skje i vår sektor om Isaksen held fram, sidan valprogrammet ikkje er så viktig likevel.
Høgres valprogram for 2013-2016 sa at partiet ville evaluere strukturen og finansieringsordninga i høgare utdanning, og at universitet og høgskular skal utvikle sine profilar og spisse fagmiljøa sine. Ingen nye universitet skulle godkjennast.
Dette står endå tydelegare i regjeringserklæringa frå 2013. Der står det faktisk at regjeringa vil: «Fryse strukturen i høyere utdanning inntil effekten av nye universitetsopprettelser er evaluert, og sikre at vi får en struktur som gir miljøer med sterke fagprofiler. » Nokon frys har det vore vanskeleg å sjå i dei tre åra som har gått, i takt med at stadig fleire høgskular har vorte ein del av universitet eller store høgskular. Men rett skal vere rett: Ingen
Gå til medietKvifor det har vorte slik, får vi vonleg forskingsbaserte studiar av i framtida. Men Isaksen vil neppe betale for ei politisk sett så risikabel evaluering, så det blir nok ei oppgåve for den som avløyser han - ein gong i framtida.