Johann Gotteberg, salssjef og senior rådgjevar, Frende Forsikring, 46år.
Kaffe eller te?
Kaffi.
Kva har du på nattbordet?
Vekkarklokka (mobilen).
Når om morgonen begynner du å tenke jobb?
Når eg vaknar.
Korleis påverkar korona-utbrotet din arbeidskvardag?
Korona var ei velsigning! Min region strekker seg frå Hardanger i sør til Stadt i nord, så eg køyrer ca 3000km i månaden. Å avslutte arbeidsdagen kl. 16 og samtidig nå over alt som skal gjerast, var noko nytt for meg. Men eg må tilføye at sjølv om videomøter har gjort nokon ting enklare, så vil det ikkje erstatte fysiske møter.
Fortel om en hending på jobb som du husker spesielt godt
Ein kollega byrja å setje opp banner og skilt med logoane våre bak ein potensiell kunde halvvegs i møtet. Både kunden og eg måtte stoppe opp og undra oss over kva han gjorde på. Rådgjevaren kvitterte raskt «Vi skal ta bilde når de signerer avtalen!» Kunden signerte og vi fortsatte møtet. Snakk om tillit!
Kva er det morosamaste du gjer på jobb?
Ute hjå kundar eller når eg får ei god løysing på ei sak.
Kva gjer du for å holde deg oppdatert i ein bransje med store endringar?
Personleg så