BUSKAP
19.09.2016
Knut Johan Singstad (27) har alt vore mjølkebonde i seks år og han og kona Anne Skjolden Singstad (29) trivst i det gode mjølkemiljøet i Hemne i Sør-Trøndelag.
Av 30 melkebruk i kommunen, er det 12 som har robot, og det er mange unge bønder. Anne og Knut Johan flytta i 2015 inn i nytt lausdriftsfjøs med robot. Overgangen var godt planlagt og dei har nytta Lean-koordinator i fleire år for å ha auka fokus på forbetringar.
Nøye planlagt opptrapping og utbygging Alt i 2010 starta Knut Johan opp med å pakta gard av far sin, Gudmund. Gudmund driv framleis gard med kjøttproduksjon i nærleiken. Mjølkekvota var 100 000 liter, som etter kvart vart utvida til 150 000 liter. I dag har dei kjøpt seg opp til ei kvote på ca. 305 000 og i tillegg har dei ca 95 000 leigekvote. Dei disponerer 330 dekar dyrka jord, og har i tillegg 10 års avtale om kjøp av fôr frå ytterlegare 150 dekar. 80 dekar av leigejorda ligg fire kilometer frå driftsbygningen, men elles er jorda samla inntil en kilometer frå fjøsen. - Vi brukte god tid på planlegging av nytt bygg, og tomt vart lagt på skogsmark der det er gode muligheter til å rydde større beiteareal, seier Knut Johan. Det gamle fjøset var fullt utnytta, og Knut Johan gjekk til innkjøp av to kalvehus som kunne takast med over til nytt fjøs. Også eit fjøs for oppdrett av kviger vart leigd inn, slik at dei kunne sikra god rekruttering til det nye fjøset. Det var gjort gode førebuingar i 2-3 år før innflytting.
Roboten overtek for fellesbeite Knut Johan og Anne har også vore medlemmer i fellesbeite der dei har sendt kyrene i perioden 1. juni
Gå til medietNøye planlagt opptrapping og utbygging Alt i 2010 starta Knut Johan opp med å pakta gard av far sin, Gudmund. Gudmund driv framleis gard med kjøttproduksjon i nærleiken. Mjølkekvota var 100 000 liter, som etter kvart vart utvida til 150 000 liter. I dag har dei kjøpt seg opp til ei kvote på ca. 305 000 og i tillegg har dei ca 95 000 leigekvote. Dei disponerer 330 dekar dyrka jord, og har i tillegg 10 års avtale om kjøp av fôr frå ytterlegare 150 dekar. 80 dekar av leigejorda ligg fire kilometer frå driftsbygningen, men elles er jorda samla inntil en kilometer frå fjøsen. - Vi brukte god tid på planlegging av nytt bygg, og tomt vart lagt på skogsmark der det er gode muligheter til å rydde større beiteareal, seier Knut Johan. Det gamle fjøset var fullt utnytta, og Knut Johan gjekk til innkjøp av to kalvehus som kunne takast med over til nytt fjøs. Også eit fjøs for oppdrett av kviger vart leigd inn, slik at dei kunne sikra god rekruttering til det nye fjøset. Det var gjort gode førebuingar i 2-3 år før innflytting.
Roboten overtek for fellesbeite Knut Johan og Anne har også vore medlemmer i fellesbeite der dei har sendt kyrene i perioden 1. juni