I førre veke vart Daglegvaremeldinga debattert i Stortinget.
Saman med Senterpartiet og MDG stemte då SV for at regjeringa skal greie ut eit forbod mot at kjedene sel eigne merkevarer.
- Åtte av ti kjøttdeigpakkar er eigne merkevarer. På brød er det knapt nokon frie, uavhengige aktørar igjen. Det fører ikkje til auka konkurranse, det fører til svekt konkurranse, og dei som tener på dette, er ikkje forbrukarane - dei taper på det, sa Torgeir Knag Fylkesnes frå talarstolen.
Eit angrep på jordbruketBønder og fiskarar taper også på det, fortsette han.
- Vi er i ein situasjon som er veldig alvorleg, og det har allereie fått praktiske konsekvensar. Ein ting er den overprisinga som forbrukarane møter i butikkane, men det får også praktiske konsekvensar for norsk jordbrukspolitikk. Nortura i Målselv står no i fare for å bli lagt ned, fortalde han.
- Det betyr at Nord-Norge blir ein rein råvareleverandør, der m