Magasinet for fagorganiserte
21.10.2020
Regjeringa kuttar i dagpengane frå 1. januar. Hotelltilsett Magne Melsæter er usikker på om han får råd til konfirmasjonen til tvillingjentene neste år.
ÅLESUND: 12. mars innfører regjeringa strenge smitteverntiltak og reiserestriksjonar.
- Det er ikkje berre ein liten lekkasje i eit røyr, men ein drar ut proppa i badekaret og så renn bestillingane ut, forklarer konferansevert Magne Melsæter (55) på Scandic Parken i Ålesund.
Dei tilsette blir raskt permittert. 20. mars må direktøren sløkke lyset, stenge dørene og permittere seg sjølv. Mange permitterte måtte vente på dagpengar og lønnskompensasjon til langt utpå sommaren.
- Men då var det full spotlight, diskusjonar på tv og dugnad. Vi var alle i same båt. No har lyset begynt å brenne ut, men situasjonen for meg er for pokker kanskje vel så dramatisk, seier Melsæter.
JÆVLA ILLE
På arbeidsplassen hans er dei tilsette framleis permittert, bortsett frå nokre avdelingsleiarar og soussjefar. Smittetala aukar i regionen og konferansar blir avbestilt. Framtida ser mørk ut.
Frå 1. januar skal likevel permitterte og ledige få mindre i dagpengar frå Nav. Regjeringa avviklar ne
Les opprinnelig artikkel- Det er ikkje berre ein liten lekkasje i eit røyr, men ein drar ut proppa i badekaret og så renn bestillingane ut, forklarer konferansevert Magne Melsæter (55) på Scandic Parken i Ålesund.