Gjennom Fagfornyinga skjer for tida ei stor reform av læreplanane for alle fag i det norske skulesystemet. Eit viktig mål med Fagfornyinga er å leggje til rette for djupnelæring.
Utkast til ny læreplan i programfaget fysikk for de to siste åra i vidaregåande skule er no ute på høyring, med frist 27. mars hos Utdanningsdirektoratet.
Lovande på fleire vis
Det viktigaste elevane skal lære i kvart fag, er formulert som kjerneelement for faget, medan kompetansemåla seier kva elevane skal kunne ved slutten av opplæringa.
Det nye læreplanutkastet er lovande på fleire vis. Dei tverrfaglege tema b erekraftig utvikling og demokrati og medborgarskap er tydeleg til stades i kompetansemål om energi, klima og kritisk tenking.
Kjerneelementa praksisar og tenkemåtar i fysikk, energi og energioverføri


































































































