BUSKAP
14.10.2019
I ei masteroppgåve gjorde to studentar ved Norges Handelshøgskole simuleringer for tre ulike bruksstorleikar på Jæren med mjølk- og oksekjøtproduksjon.
Ie i masteroppgåve ved Norges Handelshøgskole våren 2019 bygde Hans Kristian Engmark og Aleksander Erstad vidare på ein modell for økonomisk optimal tilpassing på mjølkebruk utvikla i Tine. I modellen legg ein inn areal, avlingsnivå, mjølkekvote, grovfôrkvalitet, prisar på kraftfôr, mjølk og kjøt, variable grovfôrkostnader samt tal dyreplassar til mjølkeku og ammeku med påsett. I programmet ligg det fôrplanar til dei ulike dyreslaga, og dekningsbidraget pr. dyr blir berekna ut frå føresetnadene ein legg inn. Modellen kan velje mellom ulike avdråttsnivå for mjølkeku, frå 5000 til 10 000 kg, og mjølkemengda levert pr. ku tilsvarar om lag middel leveringsprosent i Kukontrollen. Likeeins kan modellen velje mellom tung og lett rase av ammeku, og ulike framfôringstider for oksekalvane både frå mjølkeku og ammeku. Modellen prøver mange kombinasjonar av dei ulike alternativa, og vèl den løysinga som maksimerer totalt dekningsbidrag for bruket inkludert tilskott. Kostnader med eige og leigd arbeid er ikkje inkluderte.
Simuleri
Gå til medietSimuleri